Til topps i Hordablæsten

Rundt 50 korps og meir enn 2000 musikantar var samla i Bergen og Grieghallen denne helga. Det vart gjennomført konkurranse for skulekorps, generasjonskorps, juniorkorps, ensemble og solistar. Inger Marie Håheim Tynning er dirigent for både Nordbygda og Brekke og korpsa har den siste tida spelt saman med nettopp Hordablæsten som mål. I konkurransen stilte dei i klassen for generasjonskorps saman med tre andre korps frå fylket. I eit generasjonskorps kan også vaksne vera med, og saman leverte musikantane ein strålande konsert for publikummet i Peer Gynt-salen.

 

Nordbygda og Brekke samarbeidskorps

Fornøgd korpsgjeng: Det var stas å ta førsteplass for andre år på rad. Her er korpset samla utanfor Grieghallen. Foto: Ingvild Høydal. 

 

Korpset opna med marsjen The Red Jacket før horngruppa var solistar i Beatles-slagaren Hey Jude. Framføringa vart løna med instrumentalprisen i klassen. Til avslutning framførte dei Free World Fantasy av Jacob de Haan. Korpset briljerte med stor og god klang og stilfulle framføringar.

- Etter å ha lagt ned mykje arbeid i førebuinga og innøving er det veldig kjekt for musikantane å lukkast på scena, og oppnå eit så godt resultat, seier dirigent Inger Marie. - Det var mange smil å sjå då resultatlista vart kunngjort. Sigeren toppa ei fin helg i Bergen, der det også var tid til å høyra på andre korps og elles oppleva byen og det den har å tilby.


Inger Marie fortel at det vert vanskeleg å samla dei to korpsa for å feire ilag denne veka, men sigeren vart markert på Brekke- øvinga på mandag, og på onsdag blir det feiring på Nordbygda.

Fleire gode prestasjonar

Sandnes skulemusikk deltok i 3. divisjon saman med Øystese skulemusikklag. Joacim Gjerdevik er dirigent for begge korpsa og difor vart det samarbeid også her. I konkurranse med åtte andre korps oppnådde det unge mannskapet ein flott 4. plass etter ein vel gjennomført konsert. Til opning framførte dei Arabian Dances. Deretter fekk publikum høyra irsk musikk og ein vakker versjon av Down by the Salley Gardens før korpset runda av med dramatiske Critical Mass.

Sofie Ekren (althorn), Sandra Strand Andvik (althorn) og Emil August Reknes Larsen (kornett) deltok også i solistkonkurransen, og dei unge, modige solistane sto for imponerande prestasjonar, akkompagnert av Jørn Skauge på piano. I år hadde arrangøren endra konkurransereglane for dei under 12 år. Solistane vart ikkje rangert, men alle fekk konstruktive tilbakemeldingar frå kyndige dommarar. Og i kommentarane til masfjordingane vanka det mange godord!

«Masfjordjentene» Sanna Kvinge (kornett) og Madelein Strand Andvik (euphonium) var kanskje dei som var aller mest overraska då resultata vart lesne opp. Dei deltok i ensembleklasse for 13-14-åringar og spelte seg til ein andre plass i skarp konkurranse med 14 andre grupper. Framføringa av Pedro y Amigo sat som eit skudd!

Det er ikkje tvil om at det gror godt i korpsrørsla i regionen vår. Hordblæsten dokumenterer dette, der svært mange skulekorps deltek. Ein blir både imponert og glad av å høyra unge utøvarar framføra og prestera på svært høgt nivå, og av å oppleva spelegleda som vert vist. Dette vitnar om at det vert lagt ned eit stort og godt arbeid i korpsrørsla i Vestland.

Gratulerer, alle!

 

Tekst: Frank Kvinge 


Sist oppdatert: 17.04.2024
Publisert: 17.04.2024