Miljøfyrtårn
Masfjorden kommune ved ordførar Karstein Totland hadde gleden av å dela ut diplomet (sertifikatet) som viser at Reknes Byggjevarer LL og Haugsvær Auto AS er vorte sertifisert som miljøfyrtårnbedrifter.
Miljøtårnbedrift: Reknes Byggjevarer LL fekk utdelt diplom frå ordførar Karstein Totland. Fv:Gina Rambjørg, Ansgar Molland, Karstein Totland og Egil Sagstad.
Miljøtårnbedrift: Haugsvær Auto AS fekk også diplom. Fv:Karstein Totland, Andreas Solheim Haugsvær og Merethe Oppedal.
Utdelinga av diploma til desse to bedriftene skjedde i den nye restauranten
Zanzi Bar&Restaurant på Nautesund Camping.
Den var ein fornøgd gjeng som mottok bevisa som viser at begge bedriftene har gjort seg fortent til å verta miljøsertifisert.
Tekst: Sveinung Toft
Bilde: Roald Kvingedal