HeimNyhendeKunngjering om offentleg ettersyn av reguleringsplan for Kvamme

Kunngjering om offentleg ettersyn av reguleringsplan for Kvamme

Formannskapet i Masfjorden kommune har i møte den 10.06.2020, sak 054/2020, gjort vedtak om å leggje 1. gangs framlegg til  reguleringsplan for Kvamme gnr 32 bnr 6 m.fl. ut til offentleg ettersyn i medhald av plan- og bygningslova § 12-10.
Reguleringsplanen har fått planid 4534-20200003.

Føremålet med planarbeidet er å leggja til rette for etablering av tre bustader på tidlegare utskilte tomter, fem utleigehytter, samt tilkomstveg, parkering for ålmenta, tursti, friområde, ferdigstilling av kai, og etablering av flytebrygge på 12 meter med plass til 4 småbåtar. Det er og lagt ut eit mindre naustområde for eitt naust heilt sør i planområdet. Naustet skal vere i tråd med føringane i arealplanen med ein etasje med  bruksareal (BRA) mindre enn 40 m2. Eventuelt loftsrom skal ikkje ha måleverdig areal.

Bustadane skal ha maksimal mønehøgd på 7, 5 meter og hyttene 5,5, meter. Utnyttingsgraden for bustadtomtene og hyttene på BFT1 og BFT4 er sett til BYA 30% ,og for hyttene BFT2 og BFT3 er den sett til BYA 35 % .

Innanfor planområdet er det og sett av ca 14 dekar med friområde, 31 dekar med lLNF- føremål og fleirbruksareal i sjø.

Planområdet er i kommuneplanen 2012-2024 sett av til fritids- og turistføremål og LNF. Deler av planområdet ligg og innanfor 100 meters belte mot sjø. Plan-id for reguleringsplanen er 4634-20200003.Det vert vist til planskildring, føresegner og plankart dagsett 27.04.2020 , samt tilhøyrande utgreiingar og ROS-analyse for fleire detaljar. Plankart, reguleringsføresegner av 27.04.2020 og saksframlegg til formannskapsmøtet den 10.06.20  vert med dette sendt ut.

Formannskapet vedtok i tillegg til framlegget, at det også skulle sendast på høyring eit alternativ 2 med endra/ revidert plankart og føresegner som regulerer  bustadtomter inn i staden for områda for turistanlegg.

Det vert difor sendt ut følgjande to dokument dagsett 23.06.2020 til som del av det offentlege ettersynet. Desse er:

  • Alternativ 2 med reguleringsføresegner dagsett 23.06.2020 og plankart dagsett/ revidert 23.06.2020.

Masfjorden kommune ber om at framlegg til reguleringsplan alternativ 2 vert likestilt med hovudalternativet, og ber om at alle høyringsinstansar og andre som kjem med merknad til planforslaget tek stilling til begge framlegga og synleggjer dette på ein føremålstenleg måte.

Reguleringsplanen (både alternativ 1 og alternativ 2) ligg også ute til offentleg ettersyn frå 26. juni 2020 til 20. august 2020 på kommunehuset.

Høyringsdokumenta i pdf-versjon:

Andre plandokument kan ein finna ved å gå inn på sak 19/856 i post innsyn på heimesida til Masfjorden kommune.

Kommunen ber om at eventuelle merknader til planframlegget vert sendt innan høyringsfristen den 20. august 2020 på elektronisk høyringsskjema(skjema.kf.no), alternativt til:
Masfjorden kommune, Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes, eller til post@masfjorden.kommune.no.


Sist oppdatert: 25.06.2020
Publisert: 25.06.2020