HeimNyhendeKunngjering av godkjent reguleringsplan for Hosteland naustområde

Kunngjering av godkjent reguleringsplan for Hosteland naustområde

I medhald av plan- og bygningslova sin § 12-12 vert det kunngjort at kommunestyret i Masfjorden i møte den 18.06.2020, i sak 039/2020 har eigengodkjent reguleringsplan for Hosteland naustområde i Masfjorden kommune, plan-id 1266- 2018002.

Hovudføremålet med reguleringsplanen er å leggja til rette for naust og  småbåtområde i sjø med tilhøyrande infrastruktur. Det vert vist til vedlagde plankart og føresegner av 17.03.2020 samt saksframlegget til kommunestyret sitt møte den 18.06.2020.

Planen med aktuelle dokument i pdf-versjon:

Planføresegner
Illustrasjonsplan
Plankart
Planskildring
Saksutgreiing

Om klage og verknad av plan

Vedtaket om eigengodkjenning kan påklagast av den som er part eller har rettsleg klageinteresse, jf. plan- og bygningslova § 12-12, 3. ledd. Klagefristen er etter forvaltningslova § 29, 3 veker frå denne kunngjeringa. Eventuell klage bør grunngjevast og skal stilast til Fylkesmannen i Vestland og sendast til:

Masfjorden kommune, Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes, eller til post@masfjorden.kommune.no, innan 21.07. 2020.

Reguleringsplanen fastset framtidig bruk i området, og er bindande for nye tiltak og utviding  av eksisterande tiltak, jamfør plan- og bygningslova § 12-4. Det vert også vist til plan- og bygningslova § 15-2 og § 15-3, som gjeld krav om innløysing og erstatning for tap ved reguleringsplan.

 

Tekst: Sveinung Toft, ass. rådmann


Sist oppdatert: 29.06.2020
Publisert: 29.06.2020