HjemNyhendeFramlegg til kommunal planstrategi ut på høyring

Framlegg til kommunal planstrategi ut på høyring

Plan­strategi er ei vurdering av kva planbehov ein kommune har og kva prioriteringar kommunestyret gjer i valperioden. Planstrategien er ikkje formelt bindande, og kommunestyret kan seinare gjera endringar og prioritera om, dersom det er gode grunnar for det.

Det er ønskjeleg at det kjem inn synspunkt på dette dokumentet, slik at saka vert godt belyst før den skal slutthandsamast i kommunestyret.

 

Strategidokumentet vert lagt ut på høyring i perioden 18. mars til 14. mai 2024. Ein ber difor om at merknader vert sendt til Masfjorden kommune, Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes, eller til post@masfjorden.kommune.no innan 14, mai 2024.

 

 


Sist oppdatert: 18.03.2024
Publisert: 18.03.2024