HeimOm personvernPersonvernerklæring

Personvernerklæring

Innleiing

Ei personopplysning er informasjon som eintydig kan knytast til ein bestemt person. Masfjorden kommune forvaltar store mengder personopplysningar om innbyggjarane sine. Dette er opplysningar som kommunen treng, anten for å kunne yte vedkomande person rette tenester, eller for å kunne gjere eit korrekt vedtak i ei sak personen er part i.

Det vert stilt strenge krav til kommunen om korleis personopplysningane vert nytta, og korleis dei vert tekne vare på. Denne personvernerklæringa gjer greie for korleis Masfjorden kommune stettar dei krava som er stilt.

Ansvar

Kven har ansvar for at personopplysningane vert forvalta korrekt?

  • Rådmannen har eit overordna ansvar for at desse opplysningane vert handsama i tråd med gjeldande lover og forskrifter.
  • Fagleg ansvarleg for dei ulike forvaltnings- og tenesteytingsområda har det daglege ansvaret for at personopplysningane vert handsama i tråd med gjeldande lover og forskrifter.
  • Personvernombodet skal sjå til at kommunen etterlever ansvaret sitt. Dette kan skje gjennom rådgjeving, tilsyn og varsling av avvik. Både kommunalt tilsette og publikum kan ta kontakt med personvernombådet om saker dei meiner ombodet bør kjenne til. Du kan lese meir om personvernombodet sine oppgåver her.
    Personvernombod for Masfjorden kommune er Lars Erling Aarland.
Om personopplysningar

Kva personopplysningar kan kommunen ha om meg ?

På sida med tittelen "Kva personopplysningar kan kommunen ha?" - du kan gå direkte til den sida her - vil du finne detaljert informasjon om kva personopplysningar som kommunen kan nytte i samband med utføring av ulike tenester og oppgåver og kva desse då vert nytta til.

Det er viktig å merke seg at det ikkje dermed er sagt at kommunen har all mogleg informasjon om den einskilde.

Denne informasjonen er under utarbeiding. Så lenge dette avsnittet er synleg, er ikkje arbeidet fullført.

Personopplysningane kommunen forvaltar vil i hovudsak kome frå tre hovudkjelder :

  • Dei kan kome frå den som eig opplysningane - den registrerte - til dømes i samband med at vedkomande fyller ut eit skjema, eller oppgir informasjon pr. brev, e-post* eller telefon.
  • Dei kan kome frå andre offentlege instansar, som til dømes likningskontor, helseinstitusjon, andre kommunar.
  • Dei kan verte produserte av kommunen sjølv, til dømes i form av vedtak om temester eller forvaltningsvedtak.

*/  Kommunen vil på det sterkaste rå ifrå at personlege opplysningar vert send til kommunen via e-post.

Bruk av personopplysningar skal ha eit føremål og ein heimel.

Kvifor treng kommunen å bruke personopplysningar?

I hovudsak treng kommunen personopplysningar til tre føremål :

  • Dei kan vere naudsynte for at du skal få utført dei tenester du ynskjer og har krav på.
  • Dei kan vere naudsynte for at vedtak som vert gjort og som angår deg, vert fatta på eit korrekt grunnlag.
  • Dei kan vere naudsynte for at du får eit korrekt krav om avgifter og gebyr.

Kommunen skal ha eit føremål med å samle inn og bruke personopplysningar. Har ikkje kommunen bruk for opplysningane eller heimel eller løyve til å bruke dei, har heller ikkje kommunen lov til å samle inn eller lagre desse.

Informasjon om dette finn ein i Personverforordinga sin Artikkel 6, som du kan lese ved å peike og klikke her.

Nedunder står ei generell orientering om kva føremål kommunen nyttar personopplysningar til. Dersom du ynskjer meir detaljert informasjon om dette, finn du peikarar til det i den generelle orienteringa.

Kommunen sine føremål og heimlar for å bruke personopplysningar :

Kommunen kan nytte personopplysningar til fylgjande føremål :

  • Eintydig identifisering av ein person
  • Kontaktinformasjon
  • Grunnlag for einskildvedtak
  • Resultat av utført teneste
  • Dokumentasjon av utført teneste
  • Lovheimla og pliktige varsel
  • Forskning og statistikk


Ikkje sjeldan vil det vere ynskjeleg eller naudsynt å nytte same opplysning til fleire føremål. Ein diagnose, til dømes, er ein dokumentasjon av ei utført teneste. Samtidig kan han vere grunnlag for vedtak om utføring av nye tenester.

For at kommunen skal ha lov til å bruke ei personopplysning, må minst ein av desse føresetnadane vere til stades:

  • Bruken er heimla i lov, føreskrifter eller regelverk.
  • Bruken er ein føresetnad for, eller ei naturleg oppfylgjing av ei ynskt teneste.
  • Det er gitt samtykke til bruken.


Meir om dette kan du lese ved å peike og klikke her.

Kommunen pliktar å verne om  personopplysningane

Kva går denne plikta ut på?

Kommunen har ei overordna plikt til å sjå til at alle personopplysningar vert forvalta på ein slik måte at

  • dei er lett tilgjengelege for alle som har eit sakleg behov for å ha tilgang til dei,
  • dei er skjerma for innsyn frå uvedkomande,
  • dei er verna mot endring / sletting av folk som ikkje skal kunne gjere foreta endringar i eller sletting av opplysningane.


Nedunder kan du finne generell informasjon om kva Masfjorden kommune gjer for å forvalte dine personopplysningar på ein måte som stettar dei lovkrav som gjeld. Dersom du ynskjer meir detaljert informasjon om dette, finn du peikarar til det i den generelle orienteringa.

Slik vernar Masfjorden personopplysningar kommunen forvaltar :

Masfjorden kommune har eit livsløpsperspektiv på all informasjon som kommunen forvaltar, også personopplysningar. Ein nyttar ein systematikk der ein tek for seg innsamling, bruk, lagring, eksport og sletting av data, og ser på korleis personopplysningane vert forvalta i alle desse samanhengane.

Ved innsamling av personopplysningar vil kommunen så langt det er mogleg sikre at

  • alle innkomne data er kontrollerte, eller at kjelda for informasjonen er verifisert,
  • alle data som det ikkje er bruk for, ikkje vert med i vidare saksgang,
  • alle data som skal nyttast vidare, vert korrekt plassert i fagsystem, eller i saks- og arkivsystem.

Ved bruk av personopplysningar vil kommunen så langt det er mogleg sikre at

  • alle data vert brukt i tråd med heimelen for bruk,
  • alle data kun vert brukt til oppgitte føremål
  • alle data kun vert gjort tilgjengelege for dei som har sakleg grunn til innsyn i og handsaming av dei.

Ved lagring av personopplysningar vil kommunen så langt det er mogleg sikre at

  • alle data vert lagra på ein slik måte at uføresette hendingar ikkje medfører at dei går tapt,
  • alle alle data vert lagra på ein slik måte at det ikkje kan slettast eller endrast av folk som ikkje skal ha tilgjenge til dei.

Ved eksport av personopplysningar vil kommunen så langt det er mogleg sikre at

  • alle data kun vert overlevert mottakarar som har sakleg grunn til å få tilgjenge til denne informasjonen,
  • alle data kun vert sendt på måtar som hindrar tap av, innsyn i, eller endring av den aktuelle informasjonen.

Ved sletting av personopplysningar vil kommunen så langt det er mogleg sikre at

  • alle data som kommunen ikkje lenger har sakleg bruk for å lagre, vert fjerna i tråd med gjeldande retningsliner, på ein slik måte at dei ikkje kan hentast fram att,
  • alle data som kommunen skal ta vare på, ikkje vert sletta saman med data som skal slettast.

Meir om dette kan du lese ved å peike og klikke her. 

Dine opplysningar - dine rettar

Kva råderett har du over personopplysningar om deg?


Gjennom lover og føresegner er du gitt særskilte rettar som skal gjere det mogleg for seg å verne personinformasjonen som gjeld deg.

I lista under vil du finne generell informasjon om kva rettar du har med omsyn til vern av personopplysningane dine. Meir detaljert informasjon kan du finne ved å peike og klikke her.

  • Rett til å gi samtykke. Med mindre anna er bestemt av lov, eller det er underforstått at bruken av dine personopplysningar er ein føresetnad for at kommunen skal kunne gi deg dei tenestene eller rettane du etterspør og har krav på, føreset all innsamling og bruk av personopplysningar om deg at du har gitt samtykke til det.
  • Rett til innsyn. Du har lovfesta rett til innsyn i all personinformasjon kommunen har om deg, og kommunen har lovfesta plikt til å gi deg informasjonen når du bed om dette.
  • Rett til å protestere. Du har ein avgrensa lovfesta rett til å protestere på kommunen sin bruk av dine personopplysningar.
  • Rettar ved automatiserte avgjerder. Du har rett til å nekte at avgjerder som er av stor betydning for deg, vert gjort via automatiserte prosessar.
  • Rett til korrigering av feil. Du har rett til å krevje at personinformasjon om deg som ikkje er korrekt, vert retta eller fjerna.
  • Rett til å verte varsla ved avvik. Dersom det vert oppdaga avvik som kan ha konsekvensar for personvernet av dine opplysningar, pliktar kommunen å opplyse deg om dette.
  • Rett til flytting av data - dataportabilitet. Du har rett til å be om at all  informasjon kommunen måtte ha fått frå deg på frivillig basis vert utlevert i ei slik form at informasjonen kan lesast av andre ikt-system.
  • Rett til sletting. Du kan ha rett til å forlange at din personinformasjon vert sletta. Dersom dette medfører at kommunen ikkje lenger kan gi deg same tenestetilbod som før, skal du gjerast merksam på det.
  • Rett til avgrensing av bruk. I nokre situasjonar har du høve til å avgrense kommunen sitt høve til å bruke dine personopplysningar. Dette kan vere eit nyttig alternativ til sletting av denne informasjonen.


Meir om dette kan du lese ved å peike og klikke her.


Sist oppdatert: 16.11.2018
Publisert: 02.07.2018