Kvar skal dagsturhytta plasserast?

Vidsyn - dagsturhytta i Fjaler

(Bilete: Vidsyn - dagsturhytta i Fjaler)

Fakta

Kommunane i Hordaland fekk i haust invitasjon til å søkja om tilskot til Dagsturhytte frå fylkeskommunen. Dette er ei vidareføring av suksessen i Sogn og Fjordane, der alle dei 26 kommunane i tidsrommet 2017-19 har fått ei slik hytte. Reknes byggjevare har vore leverandør av hyttene som er bygd i Masfjorden, før dei har blitt frakta til stadane der dei skal monterast.

Masfjorden kommunestyre gjorde i møte 21.11.19, i samband med rullering av kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet, vedtak om å ta imot tilbodet om dagsturhytte i vår kommune. Det vart løyvd kommunal del av spleiselaget som må til for fullfinansiering.

Prosjektet er eit spleiselag mellom Vestland  fylkeskommune, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og kommunen. Vestland fylkeskommune yter kr 200 000 i tilskot. Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane gir tilskot kr. 100 000.
Prosjektet er spelemiddelgodkjend og 1/3 av dei samla kostnadane vert henta herifrå, etter søknad frå kommunen.
Den kommunale delen er på kr. 100 000 + grunnarbeid.

Erfaringar frå Sogn og Fjordane

I gamle Sogn og Fjordane fylke er dei 26 hyttene plassert alt i frå sjøkanten til 800 meter over havet. Hyttene er plassert på utsiktstomter. Erfaringane derifrå så langt er at hyttene som er lett tilgjengelege og tilknytt eit nett av gode stiar, er dei hyttene som har klart størst bruk og besøk.

Hyttene vert for det meste drifta av lag etter samarbeidsavtale med kommunane. Dette omfattar generelt vedlikehald, rydding og tilsyn.

Andre moment som vert trekt fram frå Sogn og Fjordane:

  • Viktig med tilgang heile året
  • Hytta bør plasserast sentrumsnært, gjerne tilknytt skule/barnehage, slik at elevar og born også kan nytta denne i skuletida.
  • Hytta kan gjerne liggja på veg mot ein fjelltopp/ etablert turmål
  • Tomt på fast fjell eller natursteinsmur
  • Flat tomt, slik at tilkomsten er lett frå alle sider.
  • God parkeringskapasitet  ved turstart.
  • Tørre stiar fram til hytta.
  • God skilting

Lag og organisasjonar sin medverknad

I det vidare arbeidet mot realisering av hytta er det viktig med gode prosessar og brei medverknad. Kommunen ønskjer god involvering av lag, organisasjonar og institusjonar i kommunen og ber dykk koma med innspel til

  • kvar de meiner hytta bør plasserast
  • om og ev kva de kan bidra med på vegen mot realisering, og drift  (rydding av tomt, stiar, merking/skilting etc). Kommunen har kopi av driftsavtalar/ sjekklister frå Sogn og Fjordane som kan sendast dykk dersom de ønskjer det.

Det er og viktig at aktuelle grunneigarar er positive til  å få ei slik hytte på sin eigedom, og det er ein føremon om dette er lufta med grunneigar før de kjem med framlegg til plassering.

Alle hytter i Sogn og Fjordane har fått gratis tomt.
Kommunen vil når plassering er bestemt gjera avtale om bruk av grunn til dagsturhytte som strekkjer seg over 40 år.

Kven bestemmer plassering?

Det er kommunestyret som gjer endeleg vedtak på kvar hytta skal plasserast. Målet er at dette vedtaket skal gjerast innan utgangen av april, at grunnarbeid og anna tilrettelegging vert gjort til hausten 2020 og at hytta står klar i 2021. Sidan tidsramma er kort vil meir utfyllande, konkrete, argumenterande, skildrande innspel bli sett stor pris på.

Innspel

helst på elektroniske høyringsskjema på kommunen si heimeside, eventuelt:
post@masfjorden.kommune.no
og merkast Dagsturhytte. Frist: 15.mars

Dagsturhytta er på instagram og facebook der de kan finna meir informasjon.

Her kan du lesa om dagsturhytteprosjektet i Sogn og Fjordane:
https://www.sfj.no/dagsturhytta-no





Tekst: Frank Kvinge
Foto: Magnar Egil Øren Gangsø


Sist oppdatert: 10.02.2020
Publisert: 04.02.2020