HeimSjølvhjelp og innsynPlanarbeid og høyringarAktuelle høyringar1. gongs framlegg til reguleringsplan for Nordkvingo småbåthamn - offentleg ettersyn

1. gongs framlegg til reguleringsplan for Nordkvingo småbåthamn - offentleg ettersyn

Formannskapet i Masfjorden kommune har i møte den 11.02.2019, sak 012/2019, gjort vedtak om å leggje framlegg til  reguleringsplan for Nordkvingo småbåthamn  ut til offentleg ettersyn i medhald av plan- og bygningslova § 12-10.

Planforslaget legg opp til 5 nye naust, båthus, sanitærbygg, badevik, småbåtanlegg med tilhøyrande infrastruktur og anlegg i sjø med inntil 26 båtplassar. Tilkomst vil skje frå Kvingebakkevegen. Det vert vist til planskildringa for fleire detaljar. Reguleringsplanen har fått planid 1266 – 20140001. Reguleringsplanen ligg til offentleg ettersyn frå 13. mars 2019 til 24. april 2019 i kommunehuset på Masfjordnes. Plankart, reguleringsføresegner, planskildring  dagsett 01.09.2018 vert med dette sendt ut, samt sjølve saksframlegget frå  formannskapet sitt møte som pdf-dokument.

Plankart
Reguleringsføresegner
Planskildring
Saksframlegg

Andre sentrale plandokument kan ein finna ved å gå inn på sak 14/663 på post innsyn på heimesida til Masfjorden kommune. Desse er: Illustrasjonsplan dagsett 01.09.2018, snitt med høgdeprofilar, samt oppstartsdokument og  innkomne brev til denne.

Kommunen ber om at eventuelle merknader til planframlegget vert sendt innan fristen den 24. april 2019 til:

Masfjorden kommune, Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes eller til post@masfjorden.kommune.no. Her finn du elektronisk søknadsskjema

 

 

Tekst: Sveinung Toft, ass. rådmann


Sist oppdatert: 13.03.2019
Publisert: 12.03.2019