HjemNæring og landbrukLandbruk, natur og miljøSkadefelling av grågås i fredningsperioden

Skadefelling av grågås i fredningsperioden

Søknad om løyve til felling av grågås som gjer skade på dyrka mark (eng og beite), skal vere skriftleg. (viltforskrifta § 3-8)

Kommunen kan gje løyve til felling av grågås som gjer skade på eng og beite. Dette går fram av viltforskrifta og naturmangfaldlova.

  • Løyve skal berre gjevast unntaksvis for å unngå ei utholing av fredingsprinsippet i viltlova.
  • Ved felling av vilt, skal ein ta ut dei individa som faktisk gjer skade. Skadefelling kan berre søkjast på ungfugl.
  • Noko skade må ein tole. Først når skaden vert vesentleg eller ved framhald vil bli vesentleg, skal kommunen gje løyve til felling av skadegjerande individ. Tal individ som vert gjevne fellingsløyve på, skal vere ut frå skadeomfanget. Ønsket om reduksjon av lokal bestand skal ikkje vektleggast ved vurdering av fellingsløyve.
  • Før søknad om fellingsløyve, plikter søkjar å ha gjennomført tiltak for å hindre eller redusere skaden.
  • Løyve gjeld for området som er skada eller i umiddelbar nærleik.
  • Ein må tole noko skade. Felling skal ikkje, som regel, vere eit første val.
  • Skadefellingsløyve vert berre gjeve om andre tiltak er utprøvd og desse ikkje reduserer eller løyser problemet.

Kva må vere med i søknaden

Søknad om skadefelling av gås, skal vere skriftleg.

Elektronisk søknadsskjema (skjema.kf.no)

Dersom det er trong for å gje tilleggsopplysningar, legg ein dette ved. Søknaden skal skildre kva det er skade på, i kva omfang, har det vore skade tidlegare år, kvar er skadestaden – del av garden og type areal. Kva tiltak er gjennomført for å hindre/redusere skadeomfanget. Er det jakta i ordinær jakttid?

Kva vurderingar vil kommunen gjere og kva vilkår kan kommunen sette?

Kommunen skal på bakgrunn av søknaden vurdere om det er grunnlag for å gje løyve til felling av skadegjerande individ. Skaden må vere eller om den held fram, vere av vesentleg økonomisk storleik for skadelidne.

Etter naturmangfaldlova § 7 skal prinsippa i §§ 8-12 i naturmangfaldslova leggast til grunn som retningsliner ved utøving av offentleg mynde. Dette inneber at kommunen må vurdere om fellingsløyve fører til påverknad av naturmangfaldet. I eit eventuell løyve kan kommunen sette nokre vilkår.

  1. Tal individ som kan fellast.
    Talet vert vurdert ut frå skadeomfanget og kva bestandssituasjonen er i kommunen, fylket og landet.
  2. Kva område løyve gjeld for, gnr./bnr.
    Løyve til felling av individ som gjer skade, gjeld i utgangspunktet på eigedomen til søkjar. Men løyvet kan avgrensast til å gjelde berre det området der skaden faktisk er.
  3. I kva tidsrom gjeld løyvet.
    Tidsavgrensinga kan setjast til periode då skaden skjer. Korte fristar.
  4. Kven løyve gjeld for.
    Retten til og ansvaret for å vurdere skadefelling er lagt til grunneigar/brukar/ rettshavar. Fleire av desse kan søke om felles løyver, om skadekriteria er oppfylte på kvar av eigedomane. Kommunen må då i samarbeid med søkarane fastsette kven som skal stå som ansvarleg for at fellinga vert organisert og iverksett i samsvar med løyve. Fellingsløyve vert gjeve til søkar som sjølv er ansvarleg for at fellinga skjer i tråd med forskrifta og eventuelle vilkår sett av kommunen. Søkjar må sjølv ta kostnader med felling og eventuell handsaming av felt vilt.
  5. Rapporteringsplikt.
    Kvart fellingsløyve som vert gjeve, vil medføre ei plikt til å rapportere kva utfallet er. Felling av skadegjerande vilt, må følgje reglane for utøving av jakt som er fastsett i viltlova med forskrifter.

Sist oppdatert: 24.05.2022
Publisert: 24.05.2022