Kraftfondet

Søknadsfristar og søknadsskjema

Ordinær søknadsfrist er 15. juni for 1. tildeling som skjer i  september.
Ordinær søknadsfrist er 01. november for 2. tildeling som skjer i nov./desember.

Det er utarbeidd eige søknadsskjema for bruk i samband med søknad om lån/tilskot gjennom kraftfondet

Søknadsskjema for næring og reiseliv

Elektroniske skjema

Alminneleg skjenkeløyve og serveringsløyve (multiform)
Salsløyve for alkohol (multiform)
Omsetningsoppgåve for sals- og skjenkeløyver (multiform)

Om Kraftfondet

Næringsarbeidet i kommunen har dei siste åra vore konsentrert kring forvaltning av kraftfondet.

Gulen og Masfjorden utvikling - GMU - vil bistå med etablerarhjelp og vil mellom anna være førstelinje/kontakt når det gjeld søknader til kraftfondet. GMU er første kontakt ved direkte henvendingar til kommunen.

Kraftfondet er midlar kommunen får som følgje av den kraftutbygging som har funne stad i kommunen gjennom at regulator/ BKK må innbetale ei avgift (konsesjonsavgift) til kommunen som går til eit fond i kommunen. Fondet og dei årlege konsesjonsavgiftene utgjer det som ein kallar for Kraftfondet. Ein får no tilført om lag 2,8 mill.kr. årleg. Kraftfondet skal i hovudsak nyttast til næringsføremål. Fondet kan og nyttast til kommunale tiltak. Det kan ikkje gjevast stønad til sanering av gjeld eller til den daglege drifta av verksemder og kommunen.

Budsjett for Kraftfondet

Kraftfondbudsjettet for 2022(pdf)

Kva Kraftfondet kan nyttast til

Midlane i fondet kan berre nyttast til investeringar i varige driftsmidlar. Stønad gjennom kraftfondet kan gjevast i form av tilskot eller lån. Samla finansiering frå kraftfondet til private næringstiltak skal som hovudregel ikkje overstige 25 % av den samla kapitaltrongen for eit prosjekt. Ved bedriftsutvikling kan det gjevast inntil 75% finansiering. Kommunestyret nemner opp styre for kraftfondet. Kraftfondsstyret er for tida identisk med formannskapet.
Vedtekter og rettningslinjer for Kraftfondet 2021 finn du her. 

Korleis Kraftfondet vert forvalta

Forvaltning av kraftfondet følgjer av vedtekter fastset av kommunestyret. Det overordna målet med å bruka kraftfondet er å fremja etablering av nye verksemder, og å vidareutvikle eksisterande verksemder. Som del av kommuneplanen skal det lagast ein eigen næringsplan. Denne skal gje grunnlag for prioritering av prosjekt. Næringslivet i kommunen bør trekkjast aktivt med i utarbeidinga av ein slik plan. Planen skal innehalde strategiar for kommunen sin kvinne- og ungdomsretta tiltaksarbeid.

Døme på prosjekt som kan få stønad
  • Kommunalt tiltaks- og næringsarbeid, til dømes gjennom næringsplanlegging, etableringsprosjekt, samarbeid skule/næringsliv og stadutviklingsprosjekt.
  • Fysisk tilrettelegging av for næringsverksemd, til dømes gjennom  kommunal tilrettelegging av næringsareal, fysisk stadutvikling, infrastruktur for reiseliv, vassforsyning.
  • Bedriftsutvikling, til dømes gjennom etableringsstipend, opplæring, produktutvikling, marknadsføring, marknadsundersøking og planlegging.
  • Investering i bedrifter, til dømes gjennom støtte til utstyr, maskiner og bygningar ved oppstart og utviding av bedrifter.

Kommunen har laga strategisk næringsplan


Sist oppdatert: 13.09.2022
Publisert: 27.09.2018