HjemKultur og fritidIdretts- og fritidsanleggBadeplassar i friluftsområder

Badeplassar i friluftsområder

Haugsvær badeplass

Nyopna i 2006 ved hjelp av helselaget. Den ligg midt i bygda nede ved den gamle dampskipskaien.

WC: Det gamle bryggehuset er innreia til omkledingsrom og toalett og på kaien er det plassert bord og benker.
Sand: Det er henta inn skjelsand og mura ei flott steintrapp. Frå før er det også ein flott steinmur som omkransar stranda.

Areklettsanden

Ligg på Holsøya i Nordbygda. Området er om lag 50 da. og har ei fin langgrunn sandstrand.
Området har svært god plass på svaberg rundt.
Kommunen har inngått kortsiktige leige- og ryddeavtalar med grunneigarane.

Tilkomst/parkering: Plass til bra med bilar, og kort og lett veg til stranda frå parkeringsplassen.
Må køyra gjennom eit gardstun for å koma til parkerinsplassen.
Skilting: Skilt til Areklett frå fylkesvegen like etter Hostelandstunellen. Er ikkje skilta som strand.

Kan vera vanskeleg å finna om ein ikkje er lokalkjend.
WC: Ved parkeringsplassen, ikkje ved stranda.
Sand: Stort område med sand, men ein del skjel.

Ådnevika (Sandnesvika)

Ligg ved kommunehuset på Sandnes og er på om lag 20 da. Området har ei mindre men fin sand - strand som heiter Ådnefjøra. Det fine svaberget omkring heiter Helletangen og vert mykje brukt til soling. Kommunen har inngått kortsiktige leige- og ryddeavtalar med grunneigar og Sandnes vel.

Tilkomst/parkering: God plass til bilar ved kommunehuset, kort veg å gå.
Skilting: Skilta som badeplass/badeområde.
WC: Bygd nytt wc ved stranda.
Sand: Rydda for stein og tang, svært bra. Barnevenleg

Merksdalen badeområde

Kort veg frå riksvegen på Masfjordnes. Om lag 500 m frå oppkøyringa til Fjon grendahus når du køyrer mot ferjekaien på Masfjordnes. Tilkomstveg, kai og wc er bygd på dugnad av Fjon båtlag med tilskot frå Masfjorden kommune.
Området har fint kaianlegg med ei mindre sandstrand

Tilkomst/parkering: God plass til bilar ved riksvegen. Ei lite stykke å gå.
Skilting: Ikkje skilta førebels
WC: Bygd nytt wc ved standa.
Sand: Rydda for stein og tang, bra.


Tekst : Frode Vee-Haugen


Sist oppdatert: 30.04.2022
Publisert: 29.04.2022