HjemKultur og fritidFrivilligsentralen

Frivilligsentralen

Kva er ein frivilligsentral? 

Ein frivilligsentral er eit bindeledd mellom kommunen og det frivillige. Den skal hjelpe lag, organisasjonar og enkeltpersonar til å arbeide saman for å skape lokale møteplassar.

Saman med dei frivillige kreftene ønskjer frivilligsentralane å vere ein medhjelpar til dei som vil skape aktivitet og møte mellom menneske i kommunen vår.

Frivilligsentralane kan mellom anna:

  • Hjelpe lag/organisasjonar med å søkje om midlar frå det offentlege.
  • Legge til rette for deg som ønskjer å skape gode tilbod i ditt nærmiljø. Kom til oss med din idé!
  • Arbeide for samhandling på tvers av grupper og område.
  • Rettleie deg som ønskjer å bidra med frivillig innsats.
  • Rettleie deg som ønskjer hjelp frå frivillige.
  • Hjelpe deg å nå ut til lag/organisasjonar med informasjon.

 

Foreningsportal

Lenke til foreningsportal for Masfjorden (www.masfjorden.foreningsportal.no) 

 

Kontaktinformasjon for frivilligsentralen

Kristin K Rasch, dagleg leiar Masfjorden Frivilligsentral - tlf: 90 10 41 39

Opningstider

Kristin er tilstades på frivilligsentralen på Hosteland onsdagar frå 9-15. 
Ho har kontortid på kommunehuset dei andre dagane frå 9-15.


Sist oppdatert: 23.11.2023
Publisert: 14.06.2023