Kulturprisen
Du kan koma med framlegg på kandidatar til kulturprisen heile året, men innan 1. april for kvart år. Du kan senda grunngjeve framlegg på kulturpriskandidat til post@masfjorden.kommune.no
Prisvinnarane sidan 1988
Årstal | Prisvinnarar |
---|---|
2022 |
Alf og Anke Helland |
2021 | Bente Kvamsdal Håvåg Ein uvurderleg innsats særleg i arbeidet for born og unge i kommunen og ein bauta innanfor arbeidet i frivillige lag og organisasjonar. |
2020 | Magne Helge Sleire For sitt arbeid som filmskapar og eit aktivt engasjement knytt til vern av natur og miljø. |
2019 | Albert Kjetland For livslang innsats for å dokumentera livet på garden og i tidlegare tider. |
2018 | Odd Helge Birkestrand For sitt langvarige ungdomsarbeid gjennom Masfjorden sjakklubb. |
2017 | Jon Martin Skauge Målretta innsats for utvikling av unge musikantar og musikklivet elles. |
2016 | Arne Høyland Gjennom ei årrekkje har Arne Høyland dokumentert folkeleg kultur og lokal historie frå distriktet vårt, gjennom intervju, filmopptak og fotografi. |
2015 | Tove Kristin Sleire Tistel og Vidar Sleire Tistel Særleg for arbeidet med bakkeløpet ”Sleirsfjellet opp” og prosjektet ”Inn på tunet” og for å vere gode modellar og inspiratorar i nærmiljøet. |
2014 | Lovisa Midtbø For å ha vore ei drivkraft og ein inspirator i kulturlivet i Masfjorden gjennom meir enn 40 år. |
2013 | Alf Strand For literaturarbeid med bl.a. eiga diktsamling og lokalsogehefte "Fjon frå fjell til fjord" |
2012 | Hans Daae For aktiviteten i korpsmusikken. Ei av eldsjelene som kulturlivet vårt har så god bruk for. |
2011 | Håkon Torsvik, Jermund Totland, Rognald Matre og Nils Einestrand (p.m.) For arbeidet med innsamling og innlesing av stadnamn i Masfjorden. |
2010 | Ellen F. Andvik For sitt store arbeid for born og unge, med spesiell vekt på leiarfunksjonen i Sandnes skulemusikk dei siste 5 åra. |
2009 | Olaf og Ragnar Sleire For arbeidet med tradisjonell landbruksdrift og for å ivareta kulturlandskapet med tradisjonelle metodar |
2008 | Arne Berg og Jan Olav Fosse Pådrivarar i utviklinga av Stordalen Skisenter. |
2007 | Normann Sleire Ei drivande kraft i frivillig lagsarbeid gjennom mange år, særleg det frivillige skyttarvesen |
2006 | Det kyrkjelege barne- og ungdomsarbeidet i Masfjorden v/Gunnvor Fyllingsnes. For arbeidet med og blant barn og unge i kommunen. |
2005 | Nathalie Vangsnes For å ha vore ei drivkraft i friviljug arbeid som Redningsselskapet, Misjonsselskapet, helselagsarbeidet samt reiselivsverksemda. |
2004 | Terje Rasdal For 25 års innsats i kulturskulen og områder som revy, kor og fjelltrimm. |
2003 | Ivar Helge Matre For langvarig innsats innan idretten i Masfjorden, særleg I.L. Bjørn West. |
2002 | Anna Rubach For sin innsats som organist, lærar i musikk- og kulturskulen og det frivillige musikklivet. |
2001 | Aslaug Molland Takvam For arbeidet med å rekonstruera den gamle masfjordbunaden. |
2000 | Erna Osland For produksjon av god barne- og ungdomslitteratur, samt undervisningsopplegg om den lokale historia. |
1999 | Elin Sletten Borge For leiarinnsats i det friviljuge lagsarbeidet. |
1998 | Olav S. Trodal For arbeidet med å bygga opp og vidareutvikla Trodal - samlinga. |
1997 | Odd Birkestrand For sin innsats for born og ungdom i Masfjorden sjakklubb |
1996 | Jon Hope For misjonsarbeid, Fjon fjellkyrkje og ungd. senter og Bjørn West-museet. |
1995 | Rune Garmann For sitt aktive kulturarbeid når det gjeld kulturvern / museum, Masfjordfestival og musikkliv. |
1994 | Frank Kvinge For sin innsats for musikkorpsa og musikkskulen. |
1993 | Anna Østerbø og Alf Østerbø Marknadsføring av bygda gjennom flott handverkskunst. |
1992 | John Torsvik For sin innsats for Masfjorden fotballag. |
1991 | Åshild Andvik og Ruth Kristin Karlsvik For teaterarbeid i skulen og innan 4H. |
1990 | Jonas Riisnes Museumsarbeidet og skiping av sogelaget i kommunen. |
1989 | Rolf Hagen Skiping av musikkskulen og arbeidet med Masfjordfestivalane. |
1988 | Brita Haugsdal Søndagskule og anna frivillig organisasjonsverksemd. |
Sist oppdatert:
20.06.2022
Publisert:
16.10.2018