Sjølvstendig, trygg og aktiv

Masfjorden kommune ynskjer å gje innbyggjarane og brukarane i helse- og omsorgstenesta eit framtidsretta og berekraftig tenestetilbod og vil difor tilby førebyggande helsetiltak og velferdsteknologi som ein naturleg del av tenestetilbodet.

Velferdsteknologi er eit felles omgrep for tekniske produkt som bidrar til auka sjølvstende og meistring av eige liv, sjukdom og helse.

Om du skal ha velferdsteknologi, og kva for ein type du treng, vil vera avhengig av behova dine og ynskja du har for å kunne klare deg sjølv.

Velferdsteknologi skal ikkje erstatte naudsynte tenester, men vere eit viktig supplement og hjelpemiddel til eit meir sjølvstendig liv. Det kan vere ei hjelp ved sjukdom og nedsett funksjonsevne, anten du er ung eller gammal.

Døme på teknologi kommunen kan hjelpe deg med

GPS- lokalisering. Kan gjera det lettare å vera aktiv når hukommelsen sviktar, og pårørande kan vita kvar du er.
Tryggleiksalarm. Ved å trykkje på ein knapp kan du tilkalle hjelp.
Medisineringsstøtte er hjelp til å hugse å ta medisinar.

Førebyggjande helsearbeid:

  • Trening med Motitech-syklar
  • Førebyggjande heimebesøk  er eit møte der ein saman ser på tiltak i heimen som kan gjera kvardagen lettare og tryggare.
  • «Heimetrening for kvardagshelse» er rettleiing til korleis du kan trena heime.
  • «Trening for alle» er fellestrening i kvar del av kommunen ein gong i veka.

Kommunen har som mål at alle innbyggjarar som ønskjer det, skal kunne bu heime i eigen heim, kjenne seg trygge, oppleve livskvalitet og ivareta god helse, lengst mogeleg. For nokon, til dømes eldre og personar med funksjonsnedsetting, er dette mogeleg ved at ein blant anna tilpassar bustaden ein bur i.

Mange ting ein kan gjere sjølv:

  • Fjerne småtepper og legge sklisikring under andre teppe
  • Sikre godt lys og god lysstyring
  • Antiskli-matte i dusjen
  • Seng og stolar som er enkle å komme inn og ut av. Eventuelt sengeklossar eller spesialmøblar
  • Dusjkrakk
  • Støttehandtak i til dømes i dusj, ved toalett og seng
  • Røykvarslarar
  • Komfyrvakt

Husbanken og NAV kan hjelpe med tilskot og lån i samband med tilpassing av eigen bustad. Det finst ein rekke teknologiske løysingar ein kan gå til innkjøp av sjølv, eller få støtte til gjennom NAV.

Det er laga ei brosjyre der du kan lesa meir om desse tilboda:
Brosjyre om velferdsteknologi (pdf)
Den er også tilgjengeleg under helse-, sosial- og omsorgstenester/pleie og omsorg.



Tekst: Åse Elin Solheim, ressursperson for velferdsteknologi i Masfjorden kommune.


Sist oppdatert: 15.12.2021
Publisert: 08.01.2020