Følgjekort for funksjonshemma

Kortet gjer deg rett til å gratis ha med følgje, der dei godkjenner ordninga. Du kan mellom anna bruke kortet på ulike kultur- og fritidsarrangement og offentleg transport.

Slik søkjer du om eller fornyar du følgjekort

  • Elektronisk søknadsskjema (multiform) 
  • Ta kontakt med Forvaltningskontoret for Helse- og omsorg for å få tilsendt søknadsskjema om du ynskjer det.
  • I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer. Søknaden sendast til:
    Forvaltningskontoret for Helse- og omsorg, Fensfjordvegen 615, 5986 Hosteland.
    Her kan du ta kontakt for informasjon, råd og rettleiing på tlf. 56166560
    Epost: forvaltningskontoret@masfjorden.kommune.no
  • Legg ved passfoto og uttale frå fastlege eller spesialist.
  • Retninglinjer for følgjekort (pdf)

Kostnad

Det kostar ikkje noko å få følgjekort. Du må kjøpe billett til deg sjølv på vanleg måte, men kan ta med eit følgje gratis, der dei godtar ordninga

Krav til søkjar

  • Du treng uttale frå fastlege eller spesialist på at du har behov for følgje for å kunne delta på aktivitetar i fritida.
  • Du har hatt ei fysisk eller psykisk funksjonshemming i meir enn 2 år.
  • Nedre aldersgrense for dette tilbodet er 8 år.

Sist oppdatert: 29.04.2024
Publisert: 17.12.2021