Helsestasjon for unge

Masfjorden HFU er eit gratis tilbod for ungdom mellom 13-22 år. Her kan ein komme i kontakt med helsesjukepleiar, psykiatrisk sjukepleiar, lege, eller jordmor. Dei som arbeidar på HFU har teieplikt. På HFU kan ungdom mellom anna få rettleiing og hjelp til alt som handlar om kropp og helse, pubertet, forelsking, seksuell orientering og kjønnidentitet, sex og samliv, prevensjon, graviditet, seksuelt overførbare infeksjonar (SOI), trivselutfordringar heime/på skulen/med vennar, vanskelege tankar, kjensler eller bekymringar, mm.

  • Du betalar ingenting for å teste deg og/eller få behandling for seksuelt overførbare infeksjonar på HFU
  • Vi kan gi rettleiing og resept til all prevensjon. Det er også mulig å sette p-stav og spiral gjennom HFU, men dette må avtalast på førehand og kan ikkje skje gjennom drop-in tilbod.

Det er normalt å ha det vanskelig med tankar og følelsar i blant. Ein kan vere trist, sint, eller redd. Som oftast går det over igjen. Dersom det ikkje går over, kan det vere lurt å prate med nokon. Får du tidleg hjelp, er sjansane større for at du blir betre. På HFU kan du få råd og veiledning om blant anna: Stress, press, prestasjonsvansker, ensomhet, mobbing, trivsel, sjølvbilete, søvnproblem, kjærlighetssorg, spiseforstyrringar, usunn trening og treningsavhengighet, depresjon, angst, sjølvskading, sjølvmordstankar, sorg, rus og rusmisbruk, skulefråvær, med meir.

Personalet på Masfjorden HFU kan kontaktast for råd, veiledning, eller avtale tidspunkt for konsultasjon alle kvardagar mellom 08:00-15:00. Det er mulig å ta kontakt gjennom innbyggardialog på helsenorge, eller gjennom sms/telefon. Under kan du sjå tidspunkt for drop-in hos Masfjorden HFU. Når det er drop-in på HFU er alle ungdommar velkommen til å komme til HFU utan avtale på førehand.

Kontaktinformasjon:

Besøksadresse:
Fensfjordvegen 615
5986 Hosteland

  • HFU brukar helsenorge.no til å kommunisere med brukarane. Dette er ein enkel og sikker måte å kommunisere på. Via helsenorge.no kan du be om timeavtalar, avbestille avtalar og sende meldingar på ein trygg og enkel måte. Her finn du også mykje nyttig informasjon om helse og innhaldet i tenestene. Du loggar deg på helsenorge.no ved bruk av elektronisk id som til dømes bank-id. Bruk gjerne appen.
  • Dersom du ikkje ynskjer å benytte helsenorge.no, kan du ta kontakt med helsesjukepleiarane på e-post eller telefon måndag - fredag 08:00 – 15.00. Hugs å ikkje sende sensitiv informasjon via epost, berre informer oss om at du ynskjer kontakt så kontaktar vi deg.

 

Laila Mjånes, leiande helsesjukepleiar
Kontakt: 56166314 / 484 80 646
laila.mjanes@masfjorden.kommune.no

 


Sist oppdatert: 24.03.2024
Publisert: 03.09.2018