Tilbud og aktivitetar

Hjelpemidlar og velferdsteknologi

Velferdsteknologi kan gje moglegheit for meistring av eigen livssituasjon med sjukdom og redusert helse, slik at personar kan vere aktive i eige liv og bu lenger i eigen heim. Eksempel på velferdsteknologi kan vere GPS, tryggleiksalarm, medisindispenser og elektronisk kalender. Kommunen sin ergoterapaut kan hjelpe til med kartlegging og bestilling. Ergoterapaut er ein del av Hukommelsesteamet.

Dag- og aktivitetstilbod

Kommunen har tilbod om dagsenter på sjukeheimen på Hosteland. Her er aktivitør tilstades og legg opp til aktivitetar tilpassa årstider og høgtider. For dei som treng tilbod i mindre grupper er det mogleg å få tilpassa dagtilbod på dementavdelinga Nystova. I tilfeller der det ikkje er hensiktsmessig å delta i tilbod på sjukeheimen er det mogleg å tilpasse eit tilbod om dagaktivitetar i heimen eller andre stader som er meir aktuelt.

Støttekontakt

Støttekontakt kan bidra til eit meiningsfylt liv gjennom sosiale aktivitetar og fritid, og førebyggje sosial isolasjon. Dette kan vere ein tur på kafe, ein spasertur langs vegen eller ein kopp kaffi i heimen. Tilbodet vert tildelt gjennom forvaltningskontoret.

Sjukeheim

Kommunen tilbyr avlastningsopphald for pårørande som har særleg tyngjande omsorgsoppgåver. Kortidsopphald sikrar omsorgsgjevar naudsynt avlastning i ein krevjande kvardag. Tilbodet kan vere gjentakande. Søknad skal sendast til forvaltningskontoret.
Langtidsopphald vert tildelt pasientar som har så stort pleiebehov at det ikkje er mogleg å bu i eigen heim. Sjukeheimen har eigen avdeling, Nystova, der plassane er øyremerka pasientar med demensdiagnose. Nystova er direkte knytt til sansehage med høner, frukttrær og bærbusker.


Sist oppdatert: 17.03.2022
Publisert: 17.03.2022