Pårørande

Ung pårørande:

Dei aller fleste som får demensdiagnose er eldre, men også yngre personar kan bli ramma av denne sjukdommen.
I Norge er det over 2000 under 65 år som har demens. Fleire av desse har barn som då vert pårørande i tidleg alder.
Om du har ein forelder med demenssjukdom er det viktig å vite at du ikkje er åleine. Les meir om unge likepersonar. 
Ta gjerne kontakt med hukommelsesteamet i kommunen, dei kan gje gode råd.

Nedanfor finn du lenker til gode sider som du kan finne informasjon på. Dette er sider som er laga for barn og ungdom.

Pårørande i vaksen alder

Når ein du er nær har fått demens, endrar personen seg. Du må tilpasse deg den nye livssituasjonen, og får gjerne nye oppgåver i kvardagen. Kunnskap om sjukdommen gjer det lettare å takle utfordringane ein møter. Nedanfor finn du lenker til gode sider som du kan finne informasjon på.

Pårørandeskule og anna opplæring

Deltaking på pårørandeskule gjev kunnskap om demenssjukdom og korleis ein best får kvardagen til å fungere som pårørande. Dette er eit interkommunalt samarbeid og eit samarbeid med Nordhordland demensforening. Det vert informert om tilbodet i forkant, både gjennom heimesida og oppslag i grendene.

Demenslinja

Har du spørsmål eller bekymringar knytt til demens? Ta kontakt med Demenslinja, telefon: 23120040
Her får du snakke med erfarne sjukepleiere, som har teieplikt.


Sist oppdatert: 17.03.2022
Publisert: 17.03.2022