Ledige tomter

Vi vonar bustadfelta skapar interesse, og at vi kanskje om ikkje så altfor lenge kan verta sambygdingar.  Velkomen til ein rundtur, og i neste omgang gjerne eit tomtekjøp?

Kommunale bustadfelt

(PDF-brosjyrar):

1. Skolten, Kvingo - 1 ledig tomt

2. Stykket, Sandnes - Ikkje ledige tomter

3. Sandnes II, Sandnes - 1 ledig tomt

4. Hosteland aust, Hosteland - 2 ledige tomter

5. Stokkevikfeltet, Ytre Haugsdal - 2 ledige tomter

6. Solheimsneset, Solheim - Ikkje ledige tomter

Du kan også få tilsendt brosjyrar ved å kontakte: post@masfjorden.kommune.no

Vil du "gjera deg kjend" i området for den einskilde eigedomen, kan du gå inn i Nordhordlandskart.no. Her klikkar du på kommunevåpenet til Masfjorden kommune, vel eigedom under vel søk, og skriv inn gnr. og bnr. Under karttypar kan du skifta mellom bl.a. grunnkart og flyfoto.

Private bustadfelt:

Sjå brosjyre (pdf) - Duesundøy sjø og fritid (odinutbygging.no)

Hyttetomter:

Kommunen har ikkje ledige hyttetomter. Slike tomter er det private grunneigarar som disponerer.

For informasjon eller opplysning om hyttetomtar kan ein kontakta eit lokalt firma:

Reknes byggjevarer L/L, tlf 56 16 60 60 (Nordbygda og Indre Masfjorden)

Tilbod også til private annonsørar

Kommunen tilbyr også private å informera om sine annonser for bustader og bustadtomter i Masfjorden på denne nettsida.

Kommunale tomter:

Pris pr. tomt: Kr. 60.000,- Tilknytningsavgift for vatn og kloakk er for tida samla på kr. 38.000 pluss moms.

Web levert av CustomPublish