Frå venstre: Odd Helge, ordførar Karstein Totland og Maghild Vik (mor og støttespelar)

Frå venstre: Odd Helge, ordførar Karstein Totland og Maghild Vik (mor og støttespelar)

Kulturprisen 2018 til Odd Helge Birkestrand

Masfjorden kommune sin kulturpris for året 2018 går til Odd Helge Birkestrand.

Odd Helge Birkestand og mor Maghild Vik ved nedgangen til nothusetVedtaket vart gjort av formannskapet den 11. juni, og prisen vart utdelt på konserten med STOP i Nothuset på Sandnes laurdag 11. august.

Ordførar Karstein Totland stod for utdelinga og sa m.a.:
Vinnaren av kulturprisen 2018 begynte sjølv som spelar i den aktiviteten han seinare har leia og vore instruktør for gjennom mange år. I løpet av dei 40 åra klubben har eksistert, har svært mange barn og ungdommar delteke i kortare eller lengre tid på denne aktiviteten, og mange av dei har under kyndig instruksjon og gjennom trening og øving oppnådd å komma høgt på resultatlistene på fylkes- og landsplan. Kulturprisvinnaren har sin store del av æra for dette.

Vinnaren av kulturprisen har i tillegg til arbeidet på heimebane vore reiseleiar for små og store spelarar på konkurransar rundt om i landet og har gjennom sitt årelange, frivillige arbeid vore med på å legga grunnlaget for eit godt miljø, både fagleg og sosialt. 

Masfjorden formannskap gjorde i møte 11. juni følgjande vedtak:
Masfjorden kommune sin kulturpris for 2018 vert tildelt Odd Helge Birkestrand for hans langvarige ungdomsarbeid gjennom Masfjorden sjakklubb.

 

 

Tekst: Alf Magnar Strand
Foto: Frå facebooksida til Masfjorden SK/Masfjorden SKU

 

Web levert av CustomPublish