Kraftfondet

Næring

Gulen og Masfjorden Utvikling (GMU) arbeider for næringsutvikling i kommunane Gulen og Masfjorden. Selskapet er kommunane si førstelineteneste innan dette arbeidet, og skal mellom anna hjelpa nyetablererar med søknadar og ledig næringsareal. I tillegg vert det arbeidd med ulike prosjekt som kan føra til nye arbeidsplassar til dømes i industrien, og med å få folk til å flytta til regionen.

Om kraftfondet

Næringsarbeidet i kommunen har dei siste åra vore konsentrert kring forvaltning av kraftfondet.

GMU vil bistå med etablerarhjelp og vil mellom anna være førstelinje/kontakt når det gjeld søknader til kraftfondet. GMU er første kontakt ved direkte henvendelser til kommunen.

Kraftfondet er midlar kommunen får som følgje av den kraftutbygging som har funne stad i kommunen gjennom at regulator/ BKK må innbetale ei avgift (konsesjonsavgift) til kommunen som går til eit fond i kommunen. Fondet og dei årlege konsesjonsavgiftene utgjer det som ein kallar for Kraftfondet. Ein får no tilført om lag 2,8 mill.kr. årleg. Kraftfondet skal i hovudsak nyttast til næringsføremål. Fondet kan og nyttast til kommunale tiltak. Det kan ikkje gjevast stønad til sanering av gjeld eller til den daglege drifta av verksemder og kommunen.

Midlane i fondet kan berre nyttast til investeringar i varige driftsmidlar. Stønad gjennom kraftfondet kan gjevast i form av tilskot eller lån. Samla finansiering frå kraftfondet til private næringstiltak skal som hovudregel ikkje overstige 25 % av den samla kapitaltrongen for eit prosjekt. Ved bedriftsutvikling kan det gjevast inntil 75% finansiering. Kommunestyret nemner opp styre for kraftfondet. Kraftfondsstyret er for tida identisk med formannskapet.

Forvaltning av kraftfondet følgjer av vedtekter fastset av kommunestyret. Det overordna målet med å bruka kraftfondet er å fremja etablering av nye verksemder, og å vidareutvikle eksisterande verksemder. Som del av kommuneplanen skal det lagast ein eigen næringsplan. Denne skal gje grunnlag for prioritering av prosjekt. Næringslivet i kommunen bør trekkjast aktivt med i utarbeidinga av ein slik plan. Planen skal innehalde strategiar for kommunen sin kvinne- og ungdomsretta tiltaksarbeid.

Eksempel på prosjekt som kan få stønad:

  • Kommunalt tiltaks- og næringsarbeid,
    til dømes: næringsplanlegging, etableringsprosjekt, samarbeid skule/næringsliv og stadutviklingsprosjekt.
  • Fysisk tilrettelegging av for næringsverksemd,
    til dømes: kommunal tilrettelegging av næringsareal, fysisk stadutvikling, infrastruktur for reiseliv, vassforsyning.
  • Bedriftsutvikling,
    til dømes: etableringsstipend, opplæring, produktutvikling, marknadsføring, marknadsundersøking og planlegging.
  • Investering i bedrifter,
    til dømes: utstyr, maskiner og bygningar ved oppstart og utviding av bedrifter.

Det er utarbeidd eige søknadsskjema for bruk i samband med søknad om lån/tilskot gjennom kraftfondet.

Kommunen har utarbeidd strategisk næringsplan

 

 

Web levert av CustomPublish