MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 19.08.11 -

Om kommunen

 

Til Nordhordlandskartet --- Natur- og friluftskart for Masfjorden

 

Masfjorden kommune ligg nord i Hordaland fylke og grensar til kommunane Gulen og Høyanger i Sogn og Fjordane fylke og kommunane Modalen og Lindås i Hordaland fylke.

 

Tal innbyggjarar er 1688 - pr. 01.07.2011

 

Klikk opp større kart:

Totalt areal (fastland og øyer) ... 558 km²

Areal fastland:…… ………...... 544 km²
Areal øyer:………… ………..... 14 km²
Tal øyer:… ………………....... 190
Tal vatn:…………………….... 310
Areal vatn:………… …….... ca. 30 km²
Høgste fjell:
Storevasseggi (Stølsheimen) .... 1044 moh
Høgste punkt:
Årdalsryggen 1100 moh........... 1047 moh
(Stølsheimen - Høyanger/Masfjorden)

 

Kommunehuset ligg på Masfjordnes, omlag 75 km nord for Bergen sentrum. Handelssenteret ligg i Nordbygda omlag 10 min. med kabelferje til Duesund og 5 min. køyring frå Duesund.

 

Kommunen har tre barne- og ungdomsskular og tre barnehagar som er plassert i bygdelaga Sørsida, Indrefjorden og Nordbygda.


Masfjorden kommune sin tusenårsstad: Fjorden (Vedteke i kommunestyret den 14.10.99)


Kommunen er eit eldorado for friluftsinteresserte, med øyar og holmar, skog og fjell, eit unikt turterreng, og gode fiske- og jaktvilkår. Kulturlivet er allsidig med svært aktive lag og organisasjonar.

Tenestetilbodet er godt utbygd, og me trur at Masfjorden er ein god kommune å bu i for alle aldersgrupper.

 




Tekst: Frode Vee-Haugen
Kart: Statens kartverk

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen