HjemNyhendeNAV Fensfjorden er no opna for publikum

NAV Fensfjorden er no opna for publikum

Det blei i mars oppretta ein midlertidig «Skriv til oss»-funksjon på sosiale tenester. Det er avgjort at denne stoppar frå og med i dag. Den har ikkje vore mykje i bruk så eg trur ikkje det betyr so mykje for brukarane at den forsvinn. Digital søknad forsvinn ikkje, dei kan framleis søkje om økonomisk sosialhjelp digitalt. Dei kan og ringje oss på vakttelefon sosial som vi har valt å fortsetje med. Nummeret her er 413 97 364.

NAV Fensfjorden opna for publikum på Hosteland i går. Det er gjort ei risikovurdering før opninga i nye lokale der det er sett på tryggleik for tilsette og brukarar, smittevern og informasjon ut til brukarar og kommunar.

www.nav.no er oppdatert med opningstid for NAV Fensfjorden og nummer til vakttelefon sosial er lagt inn der. Vi oppfordrar til mest mogleg bruk av digitale møte, men brukarane kan kontakte oss for timeavtale i kommunen dei bur i.

 

Tekst: Nina Strømsnes, leiar NAV Fensfjorden


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 01.07.2020