Om kommunen

Masfjorden kommune ligg nord-vest for Bergen i Vestland fylke og grensar til kommunane Gulen og Høyanger i nord-vest og kommunane Modalen og Alver i sør-aust.

Tema Tabelldata
Tal innbyggjarar 2. kv 2021 1654 personar
Totalt areal (fastland og øyer) 558 km²
Areal fastland: 544 km²
Areal øyer: 14 km²
Tal øyer: 190
Tal vatn: 310
Areal vatn: ca. 30 km²
Høgste fjell: Storevasseggi (Stølsheimen) 1044 moh
Høgste punkt: Årdalsryggen 1100 moh (Stølsheimen - Høyanger/Masfjorden) 1047 moh

Kommunen er eit eldorado for friluftsinteresserte, med øyar og holmar, skog og fjell, eit unikt turterreng, og gode fiske- og jaktvilkår. Kulturlivet er allsidig med svært aktive lag og organisasjonar.

Tenestetilbodet er godt utbygd, og me trur at Masfjorden er ein god kommune å bu i for alle aldersgrupper. I omtalen av avdelingane våre finn du mykje informasjon om kva tenester kommunen tilbyr.

Informasjon om universell utforming på vår heimeside

Trykk her for informasjon om universell utforming på vår heimeside og sjå tilgjengelegheitserklæring.


Sist oppdatert: 30.01.2023
Publisert: 06.10.2021