HeimPolitikk, sjølvhjelp og innsynPost innsynRettleiing og reglar for innsyn

Rettleiing og reglar for innsyn

Reglar om retten til innsyn

Retten til innsyn i dokument for offentleg verksemd er regulert i offentleglova:

§ 1. Formål
Formålet med lova er å leggje til rette for at offentleg verksemd er open og gjennomsiktig, for slik å styrkje informasjons- og ytringsfridommen, den demokratiske deltakinga, rettstryggleiken for den enkelte, tilliten til det offentlege og kontrollen frå ålmenta. Lova skal òg leggje til rette for vidarebruk av offentleg informasjon.

§ 3. Hovudregel
Saksdokument, journalar og liknande register for organet er opne for innsyn dersom ikkje anna følgjer av lov eller forskrift med heimel i lov. Alle kan krevje innsyn i saksdokument, journalar og liknande register til organet hos vedkommande organ.

Offentleglova(lovdata.no)

Forvaltningsloven har regler om korleis offentlige styresmakter skal handsame saker. Desse reglene kallast for sakshandsamingsreglar. Dette er viktige reglar fordi dei gjelder den enkelte sin rett til å få handsama sine saker av offentlige styresmakter på ein forsvarlig og riktig måte.

Forvaltningslova(lovdata.no)

Rettleiing for innsyn

Du kan gå direkte til den enkelte arkivsak og journalpost via postlista.

Det er lagt inn ei forsinking på tre dagar slik at du ikkje vil få opp journalpostar som er nyare enn tre kvardagar.

Bygg-, dele- og oppmålingssaker(GBNR) og plansaker(PLAN)

Desse sakene vil ein ikkje få søketreff på når det er gått meir enn 90 dagar etter at dei er avslutta. Dette er lagt inn som standard for alle kommunane i det regionale Acos Websak-samarbeidet.

Politiske møter

Oversikt over utval, politikarar og tilgang til saker vert lagt inn under politiske møter.

Avdelingsoversikt

Ver obs på at i avdelingsoversikten så er det berre vist oversyn over tilsette i ytre avdelingar som er brukarar av saks-/ arkivsystemet. Det er berre dei som er sakshandsamarar og brukarar av saks-/ arkivsystemet som er med i denne oversikten.

Når du går inn på menyane for post innsyn så går du ut av heimesida og inn på ein servar som er drifta av Acos.

 


Sist oppdatert: 19.11.2021
Publisert: 03.09.2018