Mi sak

Misak.no er ei nettside som er oppretta og drive av kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Via menyar på sida minsak.no/masfjorden kan du foreslå ei sak sjølv, eller du kan skrive under på ei sak som er foreslått i kommunen og som du vil støtte.

For å samle underskrifter kan du også dele saka med venner og kjente på e-post, Twitter, Facebook eller Google+. Viss du samlar nok underskrifter, må kommunen eller fylkeskommunen du bur i vurdere saka di.

Du treng underskrifter frå to prosent av innbyggjarane, alternativt 300 personar i kommunen eller 500 personar i fylket.

Alle kan føreslå saker i sin eigen kommune eller fylkeskommune. Du må ikkje ha stemmerett eller ha fylt 18 år.


Sist oppdatert: 13.11.2018
Publisert: 29.08.2018