HeimSjølvhjelp og innsynPlanarbeid og høyringarVedtekne reguleringsplanarKunngjering av godkjent reguleringsplan for Risnes tomteområde ved Dragseidet

Kunngjering av godkjent reguleringsplan for Risnes tomteområde ved Dragseidet

I medhald av plan- og bygningslova sin § 12-12 vert det kunngjort at kommunestyret i Masfjorden i møte den 22.02.2018, k. sak 004/2018 har eigengodkjent reguleringsplan for Risnes tomteområde – ved Dragseidet.

Hovudføremålet med reguleringsplanen er å leggja til rette for hyttetomter og eit mindre bustadfelt innanfor planområdet. Reguleringsplanen ligg til gjennomsyn frå 10.05.2018 til 01.06.2018 i ekspedisjonen i kommunehuset på Masfjordnes. Planen med tilhøyrande dokument verte også å finne på denne nettsida.

Det vert vist til oppdatert plankart og føresegner, samt saksframlegget med vedtak i pdf-format:

Reguleringsføresegner
Plankart
Saksdokument

Om klage og verknad av plan

Vedtaket om eigengodkjenning kan påklagast av den som er part eller har rettsleg klageinteresse, jf plan- og bygningslova § 12-12, 3. ledd. Klagefristen er etter forvaltningslova § 29, 3 veker frå denne kunngjeringa.

Eventuell klage bør grunngjevast og skal sendast til:
Masfjorden kommune, Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes, eller til post@masfjorden.kommune.no innan 01.06.2018.

 

Tekst: Sveinung Toft, ass. rådmann


Sist oppdatert: 13.11.2018
Publisert: 11.10.2018