Samanslåing av ungdomsskular - høyring

Kommunestyret vedtok i møte 18.06.2018, sak 34/2018, følgjande:

«Med heimel i handlingsplanen til kommunedelplan for oppvekst og kommunestyrevedtak i sak 14/2018 gjer kommunestyret følgjande vedtak:

Kommunestyret viser til saksutgreiinga der det er skissert 3 moglege løysingar for endring i skulestrukturen:

  • Nordbygda og Sandnes til ein ungdomsskule
  • Alle tre skular til ein felles ungdomskule
  • Brekke/Matre og Nordbygda/Sandnes

og sender med dette saka samla på høyring med høyringsfrist 1. oktober 2018.

Kommunestyret ønskjer særleg høyringssvar på følgjande formulering:
Ungdomssteget på Nordbygda og Sandnes skule vert slått saman til ein ungdomsskule.

Vidare får rådmannen i oppdrag å utgreie samanslåing av ungdomstrinnet på Matre og Brekke til ein ungdomsskule og gjennomføre drøfting med Gulen kommune, basert på skriv motteke frå Gulen kommune hausten 2017, i høyringsperioden.»

Med bakgrunn i dette vedtaket vert spørsmålet om framtidig skulestruktur i Masfjorden sendt ut på ei brei høring der alle innbyggjarar, frivillige lag, skulane sine organ og tilsette sine fagorganisasjonar vert inviterte til å seia si meining.

Høyringsinnspel sender de på elektronisk skjema på heimesida til kommunen under sjølvhjelp/skjema/høyringsutale
eller på papir til Masfjorden kommune, Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes.

Høyringsfristen er 1. oktober.

Rådmannen si saksutgreiing og referat frå kommunestyret si handsaming finn du på kommunen si heimeside (pdf-versjon)


Sist oppdatert: 30.11.2018
Publisert: 10.10.2018