HeimPolitikk, sjølvhjelp og innsynPlanarbeid og høyringarAktuelle høyringarFramlegg til endring av reguleringsplan for Bjørkeneset

Framlegg til endring av reguleringsplan for Bjørkeneset

Formannskapet har i sak 067/18 i møte den 29.08.2018 gjort vedtak om å senda framlegg til reguleringsendring for reguleringsplan for Bjørkeneset med planid 1266 – 2017002 ut til offentleg ettersyn i medhald av plan- og bygningslova sin § 12-10. (Gjeldande reguleringsplan har plan id 1266-2003001). Planendringa legg opp til at tidlegare hyttetomter kan få endra status til bustadtomter på visse vilkår, og at det mellom anna vert lagt ut nye naustområde og definert område for småbåtanlegg i sjø. Naboar og grunneigarar til planområdet vil få brev direkte.

Det vert vist til vedlagde saksframlegg med vedtak, samt reviderte føresegner, kart og planskildring av 02.05.2018. Plandokumenta vil og vera å finna i ekspedisjonen på kommunehuset.

Saksutgreiing for formannskapet (pdf)
Planskildring (pdf)
Planteikning (pdf)
Reguleringsføresegner (pdf)

Kommunen ber om at eventuelle merknader til reguleringsendringa vert sendt inn på elektronisk høyringsskjema. Merknader kan og sendast skriftleg til Masfjorden kommune, Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes, innan 02.11.2018.


Sist oppdatert: 13.11.2018
Publisert: 10.10.2018