HjemPolitikk, sjølvhjelp og innsynPlanarbeid og høyringarAktuelle høyringarKunngjering av offentleg ettersyn av reguleringsplan for Hosteland Vest i Masfjorden kommune

Kunngjering av offentleg ettersyn av reguleringsplan for Hosteland Vest i Masfjorden kommune

Føremålet med planarbeidet er å leggja til rette for om lag 50 bustader i form av einebustader og fleirmannsbustader, samt friluftsområde mot sjø og bryggjer. Planområdet består i

dag av skogsområde og bart fjell. Planområdet er på ca. 212 dekar, og inkluderer deler av fylkesvegen i  nord.

 

Frå bustadområdet er det planlagd snarveg for mjuke trafikantar i retning sentrumsområdet på

Hosteland via kommunal veg til Træet. Planforslaget opnar for følgjande tiltak:

- Bustader, ca. 50 nye

- Småbåtanlegg, 2 nye med til saman ca. 50 plassar.

- Tursti/-veg mot kommunal veg Træet

- Tilførselsvegar med og utan fortau

- Busslommer langs Fv570

- Friområde/uteopphaldsareal ved sjø

- Leike- og uteopphaldsareal

- Kommunalteknisk infrastruktur

 

Framlegg til reguleringsplan inneheldt i tillegg til planskildring, plankart og føresegner, også illustrasjonsplan, konsekvensutgreiing, ROS-analyse, skredfarekartlegging og oppsummering av merknader. I tillegg er det utarbeidd ein VA rammeplan, samt eige teikningshefte for vegar, som og inkluderer teikning av gangsti til Treet, samt gangstiar ned til sjøen.

 

Det vert vist til planskildring, føresegner og plankart dagsett 01.03.2023 , samt tilhøyrande utgreiingar og ROS-analyse for fleire detaljar, som saman med saksframlegget med vedtaket i  formannskapsmøtet den 02.02.2023 no er  sendt ut.

 

Reguleringsplanen ligg ute til offentleg ettersyn frå 15. februar 2023 til 31. mars 2023 på kommunehuset. Planomtale/ planskildring og andre sentrale plandokumenta inkludert illustrasjonsplan, KU og ROS-analyse ligg i høyringsperioden ute på Masfjorden kommune si heimeside, www.masfjorden.kommune.no, under høyringar

 

Andre plandokument kan ein finna ved å gå inn på sak 21/796 på post innsyn på heimesida til Masfjorden kommune.

Kommunen ber om at eventuelle merknader til planframlegget vert sendt innan høyringsfristen den 31. mars 2023 til: Masfjorden kommune, Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes eller til post@masfjorden.kommune.no. Elektronisk merknadsskjema er og å finna på Masfjorden kommune sine heimesider om ein ønskjer å nytta det.

Tekst: Assisterande rådmann, Sveinung Toft


Sist oppdatert: 16.02.2023
Publisert: 16.02.2023