Framlegg til bustadspolitisk plan 2022 - 2032

Sjølve planframlegget og saksutgreiinga med vedtak frå formannskapet sitt møte den 21.10.2022, sak 093/2022, er vist nedunder som eigne lenker.

Formålet med planen er å avklare kva for satsingsområde innan bustadbygging Masfjorden kommune skal arbeide med i planperioden, og vise kva for bustadpolitiske verkemiddel ein har for å stimulere til sosial og anna bustadbygging. Planen skal vise kva for retning kommunen skal gå i bustadpolitikken og kva for tiltak som skal vektleggast.

Planen skal gje oversyn over kommunal bustader, tilrå bruk eller sal av dei det ikkje er bruk for, og vise behovet for nye bustader både for både dei som opererer i den vanlege marknaden, og for dei som treng sosial bustadbygging. Tiltaka, som går fram av punkt 8.1, skal innarbeidast i dei ulike einingane sine verksemdsplanar, og handsamast politisk og budsjetterast på vanleg måte.

Høyringsdokument for bustadpolitisk plan, Masfjorden kommune 2022 - 2032 
Framlegg til bustadpolitisk plan for Masfjorden kommune, saksframlegg

 

Me ber om at eventuell merknad vert sendt til post@masfjorden.kommune.no eller til Masfjorden kommune, Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes, innan 5. desember 2022.

 

Dersom de har spørsmål i saka kontakt assisterande rådmann Sveinung Toft.

 


Sist oppdatert: 08.11.2022
Publisert: 08.11.2022