HeimSjølvhjelp og innsynPlanarbeid og høyringarAktuelle høyringarÅrsbudsjett 2019 med handlingsplan og økonomiplan for 2019 – 2022

Årsbudsjett 2019 med handlingsplan og økonomiplan for 2019 – 2022

Masfjorden kommune sitt årsbudsjett for 2019 med handlingsplan og økonomiplan 2019 – 2022, vert i samsvar med kommunelova §45 pkt.3. lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 28. november til 13. desember 2019. Masfjorden kommune sin handlings- og økonomiplan syner kommunen sine prioriteringar i høve til teneste- og samfunnsutviklinga i perioden 2019 – 2022. Handlingsplan er heimla i plan- og bygningslova §11-1, og økonomiplan er heimla i kommunelova §44 pkt. 7.

Årsbudsjettet for 2019 med handlingsplan og  økonomiplan 2019 – 2022 skal handsamast i kommunestyret den 13. desember 2018.

Merknader til årsbudsjett for 2019 med handlingsplan og økonomiplan 2019 – 2022 må kome administrasjonen i hende innan 13. desember 2018 kl. 09.00.

Merknader sendast til Masfjorden kommune, Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes, eller på epost til post@masfjorden.kommune.no

Budsjett 2019 og handlingsplan med økonomiplan for 2019 – 2022 (pdf)
Særutskrift av formannskapsvedtak (pdf)

Dokumenta er også utlagt på tenestetorget i kommunehuset, biblioteka i kommunen, Sandnesbutikken, Kvingo Nærkjøp, Nordbygda Senter og Nærbutikken Haugsvær.

 

Tekst: Karstein Totland, Ordførar


Sist oppdatert: 30.11.2018
Publisert: 30.11.2018