Vaksenopplæring

Masfjorden kommune tilby kurs og opplæring for vaksne som har lovheimla krav om det. Dette kan gjelde vaksne innvandrarar, og det kan gjelde vaksne personar som av ulike grunnar ikkje har dokumentert eksamen på grunnskulenivå.

Kontaktinformasjon, oppvekstleiar

Rita Ludvigsen, oppvekstleiar
Telefon 56 16 62 41
Post- og besøksadresse:
Kommunehuset, 
Austfjordvegen 2724,
5981 Masfjordnes

Kontaktinformasjon for vaksenopplæringa

Dorte Rømsing, leiar for vaksenopplæringa - tlf. 56166362 / 95247363

Odd Helge Birkestrand, adjunkt - tlf. 48126525

Trude Tynning Nystrand, adjunkt -

Besøks- og postadresse :
Stien 2, 5984 Matredal

Norsk og samfunnskunnskap for innvandrarar

Masfjorden vaksenopplæring held til på Matre. Her vert det gitt tilbod om opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Ein tilbyr kurs i norsk på nivåa A1-B1 for innvandrarar og andre interesserte.
Fortløpande påmelding. Vi har no tre tilsette som jobbar med opplæringstilbod på dag- og kveldstid.

Tilbod om opplæring i norsk for vaksne innvandrarar skuleåret 19/20

Er du innvandrar og ønskjer å læra norsk vil det bli sett i gang opplæring skuleåret 2019/20 dersom det er mange nok påmelde. Opplæringa vil skje måndag kveld og startar 19. august. Masfjorden kommune brukar nynorsk.
Kurset er gratis.

Ta kontakt med Masfjorden vaksenopplæring v/Dorte Rømsing,  95 24 73 63 eller på e-post, dersom du har spørsmål kring tilbodet.

Påmeldingsfrist innan 1. august 2019
send e-post til dorte.romsing@masfjorden.kommune.no

Søknaden må innehalde opplysningar om ønska nivå A1, A2 eller B1.

Opportunity for a course in Norwegian for adult immigrants year 2019/20

If you are an immigrant with a wish to learn Norwegian, sign up for this course which will be running in the school year 2019/20 if enough applicants sign up.  The course will take place Monday evenings and starts august 19th. Masfjorden municipality use Nynorsk. The course is free.

Get in touch with Masfjorden vaksenopplæring
v/Dorte Rømsing at (+47) 95247363 or by mail if you have any questions about the offer.

Apply by the 1st  of August  2019

If you want to sign up, write an e-mail to dorte.romsing@masfjorden.kommune.no

The application must specify the course level you wish to take up (A1, A2 or B1).

Grunnskule for vaksne

Masfjorden vaksenopplæring held til på Matre. Her tilbyd ein eksamensretta grunnskule og grunnskule med spesialpedagogikk for vaksne. Dette er tilbod til personar som av ulike årsaker ikkje har fått høve til å ta grunnskuleeksamen tidlegare.
Vi har no tre tilsette som jobbar med opplæringstilbod på dag- og kveldstid. Det er fortløpande påmelding.


Sist oppdatert: 03.06.2019
Publisert: 01.06.2018