PPT

PPT for Masfjorden er eit avdelingskontor under PPT for Ytre Sogn og Sunnfjord. Me har kontor på Masfjordnes. Logopeden deler 100% stilling med Gulen kommune.  Spesialpedagogar, sosionom og psykolog  er plassert i dei andre åtte samarbeidskommunane våre, og vert kontakta ved behov.

Me gjev pedagogisk og psykologisk rådgjeving til foreldre, skulepersonalet og barnehagetilsette. I tillegg kartlegg me born og ungdom med særlege lærevanskar og skriv sakkunnig vurdering om det er trong for spesialundervisning i skulen eller spesialpedagogisk hjelp i barnehagen. 

Logoped har også ansvar for vaksenopplæring knytt til slagpasientar.

Kontaktinformasjon

Austfjordvegen 2724,
5981 Masfjordnes

Telefon : 56 16 62 65

Kontaktinformasjon tilsette :

Logoped Gro Sandnes, tlf. 56 16 62 65 / 97 42 67 72

e-post : gro.sandnes@masfjorden.kommune.no

Meir informasjon om PPT

... finn du ved å peike og klikke her. Det er Utdanningsdirektoratet som har publisert denne informasjonen.


Sist oppdatert: 18.12.2018
Publisert: 01.06.2018