"Gubben og katten" - ein innertiar!

Kulturskulen si dramagruppe traff blink med framsyninga "Gubben og katten".
Publisert: 28.01.2019
Sist endra: 15.02.2019

Naboen til Gubben og katten, med geværet i skotstilling.

Stykket vart synt to gongar: Sundag 27. januar var det ei forestilling som var open for alle. Måndag var det ei ekstraforestilling for alle elevar i 1. til 4. klasse, samt dei eldste barnehageborna, i heile Masfjorden. Det var ikkje vanskeleg å sjå - og høyre - at publikum storkosa seg.

Utgangspunktet for stykket er universet til Gubben Pettersen og katten Findus, to figurar dei aller fleste borna var vel kjende med. Stykket baserer seg laust på to av den svenske forfattaren Sven Nordqvist sine bøker om desse to karakterane.

Det opphavlege manuskriptet til stykket var laga av nokre førskulelærarstudenter i Volda for ein del år sidan. Men instruktøren, Kirsti Mjøs, kunne fortelje at manuset var bearbeidd og utvida i samarbeid mellom henne, dei medverkande skodespelarane, og kulturskulelærar John Martin Skauge.

John Martin hadde også bearbeidd ein del av songtekstane og skrive ny musikk til songane. Det er ingen tvil om at musikken var eit viktig bidrag til ei heilstøypt og god framsyning.

Andre viktige bidragsytarar var skodespelarane. Alle gjorde ein skikkeleg god innsats på scenen, med gode replikkar, og flott song og dans. Ikkje minst med tanke på at heile framsyninga vart øvd inn i løpet av nokre få helgesamlingar er det all grunn til å rose dei unge og talentfulle aktørane. 

Det er også grunn til å rose dei to gutane som var med John Martin og styrte lyd og lys.

Men kva er grunnen til at det ikkje var gutar å sjå oppe på scenen?

Ein skodespelar utkledd som høne, i flagrande gevantar.

Tekst og foto : Rune Garmann