Velkommen til nytt kulturskuleår

Korona-pandemien sette stoppar for mykje av den utoverretta aktiviteten i vår. Me ser fram til ei gradvis opning, slik at elevane kan få visa seg «ute i felten» igjen med alt dei har lært.

I år har kulturskulen 40- årsjubileum, og dette håpar me kan bli markert  med pomp og prakt i november.

Skuleåret

Undervisninga følgjer skuleruta, dvs. at det ikkje er kulturskuleundervisning når grunnskulen har fri. På første øvingstime får du halvårsplan som viser når du skal møta. Undervisninga i hausthalvåret går frå veke  34-50, vårhalvåret frå veke 2- 24. Dramakurset går over 6 helgesamlingar.

Elevtalet er rimeleg stabilt. Kulturskulen har komande år 141 elevplassar.
Me har prøvd å gjera alt for at alle skal få eit best mogleg tilbod utifrå disponible ressursar. Nesten alle søkjarane har fått tilbodet dei ønskjer. Å få timeplankabalen til å gå opp med elevar, lærarar, instrument, tidspunkt, øvingsrom, andre aktivitetar, bussruter mm er ikkje lett, og ein oppnår ikkje alltid dei ideelle løysingane. Ta kontakt snarast dersom tildelt  undervisningstid ikkje på nokon måte passar.

Som kulturskuleelev har du eit ansvar for at du utnyttar tilbodet du får på best mogleg måte. Dette inneber at du møter førebudd til time med lærar. Heimeøving/ øving mellom timane med lærar er ein føresetnad for utvikling og for at tilbodet skal verta meiningsfylt. Her har de vaksne ei viktig rolle.

Elevoppdrag

I tillegg til vanleg undervisning vert det og ein del oppdrag som t.d. elevkonsertar, skulekonsertar, lokale tilstellingar, turne, utstillingar, framsyning, institusjonsbesøk, og kurstilbod. Dette får du melding om etterkvart hjå læraren din eller på halvårsplanen. Følg med på kulturskulen si nettside

Me ønskjer å leggja til rette for meir samspel mellom elevane. Dette inneber at elevar som til vanleg har individuell opplæring i periodar spelar saman med andre, og saman med andre instrument.

Studioinnspeling

Tilbodet med innspelingar heldt fram også dette skuleåret. Innspelingane vil skje i studioet til kulturskulelærar Jon Martin Skauge på Sør- Kvingo. Det blir ny CD-utgjeving i samband med markering av 40-årsjubileet i november.

Informasjon / kontakt med heimen

Du vil få informasjonsskriv frå læraren din undervegs i skuleåret.
Me oppmodar føresette om å vera med på undervisningstimar når det høver. Ta gjerne kontakt med lærar eller rektor dersom du har spørsmål.
På kulturskulen si heimeside vil det bli lagt ut nyttig informasjon om/ frå kulturskulen, aktivitetsplan og glimt frå kulturskulekvardagen.
Aktivitetsplanen finn du i venstre kolonne på nettsida.

Elevpengar

Kurskontingenten er kr. 2363 pr. år. Søskenmoderasjon er 30%. Dersom ein elev deltek på fleire kurs gjeld moderasjonen for det første kurset. Kontingentinnkrevjinga skjer gjennom kommunekassen to gongar i året – oktober og mars.

Redusert eigenbetaling i kulturskulen

I møte 20. juni 2018 reviderte og vedtok Masfjorden kommunestyre vedtektene til Masfjorden kulturskule.

Vedtektene er gjeldande frå 01.08.18. Sjå heimeside, venstre kolonne.

Punkt 17 er nytt i vedtektene:
Ein kan no søkja kommunen om redusert eigenbetaling i kulturskulen for elevar opp til 16 år. Det er husstandar med låg inntekt som kan søkja, og ein kan få opptil 50% avslag på gjeldande semesterpris.
Har ein lågare inntekt enn den til ei kvar tid gjeldande sats for gratis kjernetid i barnehagar brutto pr år, kan ein søkja.

Som hovudregel gjeld søknaden ut skuleåret og fristane for å søkja er 1. september.

Elektronisk søknadsskjema finn du nedst på heimesida.

Instrument 

Du må ha eige instrument til å spela på heime. Ta kontakt med kulturskulen dersom du treng hjelp til innkjøp.

Læremateriell

Til første undervisningstime tek du med permen/notane/læreboka/ teiknemateriell frå i fjor. Nye elevar får læremateriell.

Betaling av læremateriell vert betalt inn saman med kontingenten, og ev. ved slutten av skuleåret.

Det er viktig at elevar alltid har med seg notar /læremateriell på timane, og at dei har ”orden i sysakene”. Ber om at føresette i samarbeid med elevane tek ansvar for dette.

Forhindra frå å møta på timen?

Kan du ikkje koma til undervisningstime, må du gje melding til lærar. Mobilnr. står nedst på sida. Du har ikkje krav på å få igjen timen om du ikkje møter til undervisning. Avtalar kan gjerast om det passar for læraren.

Slutta kurs?

Dersom du av ein eller annan grunn må slutta kurset, må du likevel betala for heile semesteret - sjukdom eller fråflytting unnateke. All oppseiing av skuleplassen skal skje skriftleg til kulturskulen v/rektor.

Lærarar i kulturskulen 2020-2021

Terje Rasdal har pensjonert seg, og vart takka av før ferien etter 40 år som lærar i kulturskulen. Marit Nesse er tilbake som teaterlærar. Me gler oss til nye framsyningar frå gruppa.

Else Iren Westervik- song 952 26 595
Jørn Skauge - piano 482 03 514
Jon Martin Skauge - gitar og band 977 94 592
Ståle Daae - gitar, slagverk  og band 416 76 928
Kjersti Wiik - direksjon 92663920
Endre Nystrand - gitar og slagverk 951 66 022
Inger Marie Håheim Tynning - direksjon 928 94 188
Trine Villanger- direksjon 99260149
Siri Andvik - messing 94799916
Åsmund Kvinge - gitar 95153879
Kristin Andvik Haugsdal - messing og song 91171987 (permisjon skuleåret 2020-21)
Anne Merethe Reknes- piano og song 47413141
Anke Helland- biletkunst 97747324
Vibeke Floridon- biletkunst 93626004
Marit Nesse- teater 90891452
Brynjar Mjanger Eide- slagverk 92643179
Frank Kvinge -  administrasjon, messing, song mm. 97061230

Så ønskjer me at elevar og føresette tek seg tid til å sjå desse videosnuttane

https://vimeo.com/391952695
https://vimeo.com/391951461
https://vimeo.com/391950413


Godt kulturskuleår!

Helsing Masfjorden kulturskule
Frank Kvinge
Rektor
frank.kvinge@masfjorden.kommune.no


Sist oppdatert: 17.08.2020
Publisert: 17.08.2020