Masfjorden kulturskule er 40 år

Det blir spelt inn lyd og bilde til nettkonsertane dei tre første helgene i november.
Innspelingane vert klipt saman til ein, to eller tre «konsertar» inkludert utstilling og teater, og lagt ut i slutten av november.

CD-innhald er på det næraste klart og sleppedato vert samanfallande med ein av nettkonsertane våre.

Nettkonsertar

Førebuing

Lærarar øver inn program/produkt med sine elevar og gjer eit utval av det som dei arbeider med no og som dei ønskjer skal filmast.

Innspeling

Innspelingshelger for musikk vert

Dato/ tid >>> 10.30-13.30 >>> 14.30-17.30
Laur. 31.10        
Søn. 01.11        
Laur. 07.11        
Søn. 08.11        
Laur. 14.11        
Søn. 15.11        

Som de ser er innspelingane delt inn i bolkar.
Kvar lærar vil ta kontakt med sine elevar/heimar og avtala kva bolk innspelingane skal skje i. Vonar heimane kan strekka seg for å få dette til så smidig som råd.

Lærarane melder inn namn på elevar og kva elevane framfører.

Alle innspelingar av musikkinnslaga skjer heime hjå Jon Martin, i Skolten 4.
Jon Martin har investert i filmutstyr som han stiller til disposisjon i dette arbeidet, i tillegg til lydutstyret sitt.

Foreldre er ansvarlege for transport og tilsyn.
Venterom vert utanfor eller på kaféen på butikken på Kvingo, 200m frå Skolten 4.
Kaféen er open laurdag 10-16 og søndag 12-16

Introduksjonar til innslag

Elevane spelar også i samråd med lærar inn filmintroduksjonar på ca 20-30 sekund  til innslaget ved å presentera seg sjølv, plassen dei bur på, innslaget og ev "funfacts", og sender desse til rektor via Wetransfer (wetransfer.com)
Kunstgruppene og teatergruppa kan senda alt materiale, både bildeproduksjonar og introduksjon, via Wetransfer.

Liggande format

Innslaga vert spelt inn i samband med undervisningstimane.

Redigering

Videoinnspelingane blir sydd saman/redigert og presentert på ein digital kanal
i ein konsertserie.

Kunngjering og promotering

Konsertane/ sendingane vert kunngjort på plakatar, nettside mm som til ein vanleg konsert, med tidspunkt for når og kvar ein finn sendinga.

Presentasjon

Nettkonsertane vert publiserte i slutten av november. Dato vert kunngjort i midten av november. Konsertane vert liggande tilgjengelege på kulturskulen sitt nettområde i to veker.

Informasjon undervegs

Oppdatert informasjon undervegs vil bli lagt ut på denne nettside under aktuelt.

Følg med!
Lærarane vil også halda «sine» oppdatert.

Reservasjon

Dersom det er elevar som av ulike årsaker ønskjer å reservera seg mot publisering av filmopptaket, sender føresette melding om dette direkte til kulturskulen@masfjorden.kommune.no eller Frank 97061230

Me gjer sjølvsagt alt for at kvar og ein skal koma «fordelaktig» ut i det som blir med i sendinga. Ta gjerne kontakt.

CD

Kulturskulen sin jubileums-cd har fått tittelen «High Five», og er oppfølgaren til FIRE. Innhaldet er på det næraste klart  og består av opptak som er gjort dei siste to åra. Sleppedato vert samanfallande med ein av nettkonsertane våre. Først som handfast cd, deretter Spotify. Alle bidragsytarar på cd-en vil få eigen informasjon om utgjevinga, og om distribusjon/sal.

Men no: Fokus på innøving og produksjon slik at produktet blir det beste.
Lukke til!

 

12.10.20
Tekst: Frank Kvinge


Sist oppdatert: 13.10.2020
Publisert: 13.10.2020