Kulturskulen informerer

Elevopptak

Alle elevane som har søkt på noverande tilbod har fått plass. Andre søknader vil få svar med det første.
Alle elevar får info med melding om kurs og undervisningstid i veke 31-32.

Sommarkonsertar

Skuleåret går mot slutten og det markerer me med fleire arrangement i juni.
I staden for fellesavslutning for alle elevane legg me opp til ei rekkje mindre arrangement der elevane får visa seg fram med det dei har lært.

  • Laurdag 1. juni kl. 13 - Kulturskulekonsert i samband med Sleirsfjellet opp
  • Fredag 7. juni. kl. 13 - Sommarkonsert på Einekavane
  • Tysdag 11. juni kl. 18 - Sommarkonsert på Matre skule med elevar frå Matre-krinsen.  Utstilling.
  • Onsdag 12. juni kl. 18 - Sommarkonsert på Sandnes skule med elevar frå Sandnes-krinsen.
  • Torsdag 13. juni kl. 18 - Sommarkonsert på Nordbygda skule med elevar frå Nordbygdakrinsen  
  • Laurdag 22. juni kl. 16 - Sommarkonsert, Sandnes skulemusikk. Gjestar frå kulturskulen.

Elevar og føresette får melding hjå lærar om kva for arrangement dei skal delta på.

Velkommen til å høyra på!

Siste ordinære undervisningsveke er veke 23.

27. - 29. mai inviterer kulturskulen i samarbeid med grunnskulane til dansedagar med Absence crew for alle grunnskuleelevane.  

Takk til elevar, føresette og alle andre samarbeidspartar for godt samarbeid gjennom skuleåret, og for inspirerande samspel. 

God sommar!


Sist oppdatert: 29.05.2019
Publisert: 28.05.2019