Breakdance tre dagar til ende

Ein glad 4.klassegjeng frå Sandnes og Nordbygda + instruktør Ole Petter og lærar Merethe etter endt økt. - Dette var gøy!(Sjå musepeikaren for bilettekst)

Ole Petter Knarvik frå det kjende dansekompaniet Absence crew gjesta Masfjorden fullasta med breakdance-moment, og alle elevane frå 1. til 10. klasse fekk eit møte med denne danseforma.

Ole Petter samlar elevane i ein sirkel på gymsalgolvet. Han presenterer først seg sjølv og begynner etter kvart å visa kva han har tenkt at elevane skal læra i denne danseøkta. Akrobatiske krumspring får elevane til å måpa. Skal me læra dette?
-Det ser så lett ut når Ole Petter viser, men når me skal gjera dette sjølv er det skikkeleg vanskeleg, seier ein av elevane. Men etter litt prøving og feiling blir dei unge «breakarane» riktig så flinke, og briljerer med «babyfreeze», «frogfreeze», «headfreeze», «toprock», «footwork» og «power moves». Breakdance har sitt utspring i hiphopkulturen i USA, så alle momenta har engelske namn, må vita.

- Målet med denne økta er å læra vekk grunntrinna innanfor breakdance på ein måte som fremjar meistring, utvikling og glede, seier Ole Petter. - Fokuset er på at alle elevane skal kjenna på at dei er i same båt, og at dei gjennom dansen får ei god kjensle av samarbeid og det å høyra til.

-Dette har vore ein heilt fantastisk dansedag, seier lærar Merethe Engelsen etter å ha følgt småskuleelevane i dansen. - Instruktør Ole Petter Knarvik har vore fabelaktig med elevane. Positiv, raus og dyktig! Elevane har storkosa seg!

Utprøving av nye "moves"
 
Absence crew vart starta i 1999 og har sidan den gong spesialisert seg innanfor spektakulære sceneshow og fysiske teaterforestillingar. Dei er noregsmeistrar i «breaking» og har vunne «Mitt dansecrew». For tida spelar gruppa « Norr- da gudene breaket» på DNS i Bergen.
I tillegg reiser ein del av medlemmane rundt på skulebesøk for den Kulturelle skulesekken.

- Kanskje me kan prøva å få heile «crewet» til Masfjorden neste år, spør Merethe. - Med fullt show?
Det hadde vore noko, det!

Dansedagane i Masfjorden har kome i stand takka vere helselaga. Dei har søkt og fått midlar frå Midtunheimfondet til dans i Masfjordskulen. Det er kulturskulen som forvaltar desse midlane og organiserer tiltaka i samarbeid med skular og instruktørar.

Ei stor takk til Ole Petter for prima instruksjon, til helselaga for at de gjer dette mogeleg, og til alle dei flotte elevane som verkeleg veit å verdsetja eit slikt flott undervisningstilbod.

 

Tekst: Frank Kvinge
Foto: Elin B. Borge


Sist oppdatert: 03.06.2019
Publisert: 03.06.2019