Fritak frå karakter

Fritak frå karakter

Fritak for karakter i alle fag

  • Minoritetsspråklege elevar som nettopp er kommen til Noreg
    Minoritetsspråklege elevar som begynner opplæringa i Noreg siste halvdel av opplæringsåret, er fritatt frå vurdering med karakter i fag dette skuleåret dersom foreldra ber om det. Elevane skal då ikkje ha standpunktkarakter i faget/faga.
    Forskrift til opplæringsloven § 3-21
  • Elevar som er i innføringstilbod
    Ein elev i grunnskulen som har eit enkeltvedtak om særskilt språkopplæring etter opplæringslova § 2-8, der det er fastsett at eleven skal få heile eller delar av opplæringa i eit innføringstilbod, kan bli fritatt frå vurdering med karakter i heile den perioden han eller ho er i innføringstilbodet. Eleven kan bli fritatt frå både halvårsvurdering med karakter og standpunktvurdering.
    Forskrift til opplæringsloven § 3-21

Fritak for karakter i eit eller fleire fag

  • Individuell opplæringsplan
    Foreldre til elevar med individuell opplæringsplan kan bestemme at eleven ikkje skal ha vurdering med karakter i eit eller fleire fag. Eleven skal då ikkje ha standpunktkarakter i faget/faga.

Les meir om fritak for karakter for elevar med spesialundervisning

Forskrift til opplæringslova §3-20

Fritak for karakter i skriftleg sidemål

Ein elev kan bli fritatt for vurdering med karakter i skriftleg sidemål når han eller ho:

  • har hatt rett til særskilt språkopplæring på 8., 9. eller 10. årstrinn
  • på grunn av sjukdom, skade eller dysfunksjon, som er diagnostisert av ein sakkunnig, har problem med å greie begge målformene
  • ikkje har gått på ungdomstrinnet i norsk grunnskule
  • For elevar som får opplæring etter individuell opplæringsplan, avgjer foreldra eller eleven om eleven skal ha vurdering med karakter i skriftleg sidemål. Valgretten gjeld berre dersom enkeltvedtaket om spesialundervisning også omfattar skriftleg sidemål.

Forskrift til opplæringsloven § 3-22

Fritak for karakter i kroppsøving

Ein elev kan bli fritatt for vurdering med karakter i kroppsøving dersom han eller ho

  • ikkje kan følgje undervisninga i kroppsøving og får ei tilrettelagt opplæring i faget som ikkje kan vurderast med karakter. Eleven skal då ikkje ha standpunktkarakter. 

Forskrift til opplæringsloven § 3-23

Hjelp og rettleiing

Ta kontakt med skulen ved rektor om du er usikker på om fritaksreglane kan gjelda deg/ditt barn.


Sist oppdatert: 19.11.2018
Publisert: 19.11.2018