HjemOppvekst og undervisningFlyktningetenestaMasfjorden kommune er positiv til å ta imot flyktningar frå Ukraina.

Masfjorden kommune er positiv til å ta imot flyktningar frå Ukraina.

Talet er basert på tidlegare erfaringar med mottak av flyktningar.

I flyktningsituasjonen er det forventa at kommunar m.a. skal bidra med: informasjon til dei som kjem privat om registrering hjå politiet, kommunale tenester, busetting, og samhandling med frivillige lag og organisasjonar.

Mange ukrainarar har vener og familie i Noreg. Reglar for privatreisande er at alle med biometrisk pass har rett til opphald i 90 dagar (turistvisum). Andre må registrere seg hjå politi når dei kjem inn til landet. Det er oppretta eit nasjonalt mottakssenter for flyktningar i Råde kommune, i tillegg er det oppretta regionale senter der flyktningar kan registrere seg for å søkja om rett til å bu i landet. I Vestland ligg dette ved Flesland på Scandic hotell, Kokstadflaten 2.

UDI (utlendingsdirektoratet) arbeider med å utvide ordninga «Alternativ mottaksplassering – AMOT» for asylsøkjarar som har familie som allereie er busett i ein kommune. Kommunane må avtale bustad med myndigheitene.

For informasjon om beskyttelse og opphald i Noreg for personar som er råka av krisa i Ukraina, les meir på udi.no

Kommunen har sjølv 10 kommunale bustader, som no er reservert til flyktningar. Dei første av desse vil vera  innflyttingsklare i løpet av april. Dei andre reknar ein med er klare i løpet av mai.

Kommunen har motteke fleire meldingar frå folk som har ledig husvære. Kommunen planlegg å ta kontakt med desse med det første, for å kartleggja desse bustadane nærmare. Det er og nyttig å få ei oversikt over ledige private leilegheiter i kommunen dersom behovet skulle endra seg i framover. Så send gjerne melding til post@Masfjorden.kommune.no dersom du har ledig hus/leilegheit. Skriv då opp adressa og storleiken på bustaden, tal soverom og bad, og eventuelt anna fakta som er viktig for folk som skal bu der.

Dei fyste flykningane har alt busett seg i kommunen og fleire kjem i løpet av veke 18.

 

Tekst: Sveinung Toft, ass. rådmann


Sist oppdatert: 18.05.2022
Publisert: 18.03.2022