Barnehagar

Masfjorden kommune har eit desentralisert barnehagetilbod, med tre barnehagar, ein i kvar del av kommunen.
MERK: I forbindelse med overgang til ny skjema-løysing er fleire av våre skjema ute av drift. Om du treng hjelp til søknad eller andre skjemaer, ta kontakt med post@masfjorden.kommune.no eller via telefon. Du kan også sende oss melding via E-dialog.

Kontaktinformasjon for Indre Masfjorden barnehage

Besøks- og postadresse:
Matre 9, 5984 Matredal
Telefon : 56 16 61 30

E-post : indremasfjorden.bh@masfjorden.kommune.no

Kontaktinformasjon tilsette :
Styrar: Grethe Brekken Oppedal

E-post: grethe.brekken.oppedal@masfjorden.kommune.no 

Kontaktinformasjon for Nordbygda barnehage

Besøks- og postadresse :
Fensfjordvegen 488, 5986 Hosteland

Telefon: 56 16 64 31

E-post: nordbygda.bh@masfjorden.kommune.no

Styrar i Nordbygda barnehage er frå 1.11.2023: 
Maja Aven Dahle 
maja.a.dahle@masfjorden.kommune.no

Kontaktinformasjon for Sandnes barnehage

Post- og besøksadresse:
Sandnes barnehage,
Sandnesstykket 1
5981 Masfjordnes

Telefon:
Kontor : 56 16 61 00
Sønnavind : 40 92 47 95
Blesten: 40 92 47 94
Nordavind : 40 92 47 97

E-post: sandnes.bh@masfjorden.kommune.no

Styrar Åshild Skuggedal
E-post : ashild.skuggedal@masfjorden.kommune.no

Opningstider / skule- og barnehagerute

Opningstid for barnehagane er 07:15 - 16:30 måndag til fredag.

Felles skule- og barnehagerute:

Skule- og barnehagerute for 2023 - 2024 (pdf)

Sommarstengt 2024:

Nordbygda barnehage: veke 29
Sandnes og Indre Masfjorden barnehage: veke 30


Sommarstengt 2025 og 2026: 

Sandnes og Indre Masfjorden barnehage: veke 29
Nordbygda barnehage: veke 30 

 

Vedtekter for barnehagane

Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Masfjorden (pdf)

Planar 

Plan for eit trygt og godt barnehagemiljø i Masfjorden kommune (pdf)

Tilbod for barn med nedsett funksjonsevne

Barn med nedsett funksjonsevne skal ha høve til å delta i barnehage på same måte som andre barn.

Barnehagelova §2, tredje ledd, stiller krav til at barnehagen skal tilpassa tilbodet mellom anna ut frå barnets funksjonsnivå. Dette betyr at barnehageeigar har ansvar for å sjå til at barn med nedsett funksjonsevne får eit barnehagetilbod i tråd med lova. Barnehageeigar sitt ansvar er likevel avgrensa til kva barnehagen kan gjera innafor dei ordinære rammene.
Kommunen skal sikra at barn med nedsett funksjonsevne får eit eigna individuelt tilrettelagt barnehagetilbod. I barnehagelova §37 g «Barn med nedsett funksjonsevne», vert kommunen si plikt til å legga til rette barnehagetilbodet for barn med særskilde behov fastsett.

«Kommunen skal sikre at barn med nedsatt funksjonsevne får et egnet individuelt tilrettelagt barnehagetilbud. Plikten til tilrettelegging omfatter ikke tiltak som innebærer en uforholdsmessig byrde for kommunen. Ved vurderingen av om tilretteleggingen innebærer en uforholdsmessig byrde, skal det særlig legges vekt på tilretteleggingens effekt for å nedbygge funksjons hemmende barrierer, de nødvendige kostnadene ved tilretteleggingen og virksomhetens ressurser. Kommunen fatter vedtak om tilrettelegging av barnehagetilbudet til barn med nedsatt funksjonsevne.»

Kommunen si tilretteleggingsplikt gjeld tiltak som er nødvendig for at barnet skal nyttiggjøre seg plassen. Plikta gjeld barn med nedsett funksjonsevne som er busett i kommunen og som har barnehageplass.

Kommunen si tilretteleggingsplikt inneber ikkje at kommunen må finansiere tilrettelegging som den enkelte barnehage er pålagd å følgja etter krav i barnehagelova eller anna regelverk. Barn kan i unntakstilfelle verta tilbydd plass i ein annan barnehage enn den dei føresette ynskjer, dersom individuell tilrettelegging ved den ønskte barnehagen er for byrdefull for kommunen.

Det er foreldre/føresette som søker om tilrettelegging av barnehagetilbodet til sitt barn. Barnehagen som barnet går i kan rettleie foreldre/føresette i utfylling av søknaden. Masfjorden kommune fattar vedtak om tilrettelegging av barnehagetilbodet.

Avgjerda er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova, og foreldre/føresette har klagerett på vedtaket. Ein kan då nytte kommunen sitt skjema for klage på vedtak. Klageinstans er Fylkesmannen i Hordaland (Vestland) jf. Ny §9b.

Melding om behov for individuell tilrettelegging i barnehage (KF-skjema)

Klage på avslag på søknad (KF-skjema)

Søknad om opptak, endring, overføring eller oppseiing

Det er to hovudopptak i året. Søknadsfrist for desse er sett til 1. mars og 1. oktober. For 1-åringar gjeld opptak frå den månaden dei fyller 1 år.

Søknaden skal leverast på elektronisk skjema (Vigilo BHG)

Ved endring, overføring og oppseiing av barnehageplass skal du bruke denne lenka(vigilo.no) eller Vigilo mobil app.

Dei som ikkje har tilgang til internett kan fylle ut skjemaet på eit av biblioteka eller kommunehuset i opningstida, og få hjelp til å fylle ut skjemaet ved å vende seg til ein av barnehagane eller tenestetorget i kommunen.

Barnehagesatsar

Satsane gjeld frå 01.01.2023

Grunnlag for utrekning Beløp / prosentsats
Barnehage per barn per månad kr. 2 900,-
Matpengar kr. 328,-
Søskenmoderasjon barn nr. 2 30 %
Søskenmoderasjon frå og med barn nr. 3 100 %
Gebyr for barn henta for seint, pr. påbegynt halvtime kr. 272,-

Merk at ved utrekning av søskenmoderasjon er søsken i SFO med i rekningsgrunnlaget. 

Ein gjer merksam på at ein betalar for plassen frå og med tildelt oppstartsdato.
1-åringar får oppstartsdato frå og med månaden dei fyller 1 år dersom dette er ynskje frå søkjar. Jfr. barnehagelova § 12 a. 
Når ein har tre barn i barnehage, får barn nummer 3 gratis plass. 

Redusert foreldrebetaling

Det er to ordningar som gjeld redusert pris for barnehageplass frå og med 1. august 2023
Det er særs viktig at ein brukar Vigilo når ein søkjer om gratis kjernetid og redusert betaling i barnehage, på den måten vert søknaden lagt inn i systemet automatisk. 

  • Gratis kjernetid: Foreldre med samla inntekt under kr 615.590 kan søkja om gratis kjernetid i barnehage for 2, 3, 4 og 5-åringar. Barnet vil i så fall få 20 timar gratis barnehageplass kvar veke. Du må søka for eit barnehageår om gongen og ein kan få innvilga gratis kjernetid frå den månaden barnet fyller 2 år. Dokumentasjon på inntekt må leggjast ved. Søknadsfristen er 1. juni kvart år.
  • Redusert foreldrebetaling: Ingen hushald skal betala meir enn 6 % av inntekta si for ein SFO- /barnehageplass.
  • For SFO søkjer du om redusert betaling på elektronisk skjema (skjema.kf.no). Dette skjema skal ikkje nyttast for søknad som gjeld barnehage! 
  • For barnehage søkjer du om gratis kjernetid og redusert betaling på vigilo.no eller via Vigilo mobil app.

    Dokumentasjon skal leggjast ved eller sendast til Masfjorden kommune, Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes.
Kontaktinformasjon, oppvekstleiar

Rita Ludvigsen, oppvekstleiar
Telefon 56 16 62 41
Post- og besøksadresse:
Kommunehuset, 
Austfjordvegen 2724,
5981 Masfjordnes


Sist oppdatert: 07.12.2023
Publisert: 01.06.2018