HeimNæring og landbrukEtableringstilskot

Etableringstilskot

Ordning med etableringstilskot vart innført som ei fast ordning for private bustadfelt i 2005 jfr. K-sak 30/05 og revidert av kommunestyret i 2008.

Følgjande regelverk gjeld:

  1. Det kan gjevast etableringstilskot til førstegongs etablering med eigen privat bustad i Masfjorden kommune med kr. 30.000,-. Det vert ikkje gjeve tilskot til etablering gjennom kjøp og overtaking av hus og gardsbruk.
    Etableringstilskotet vert auka til kr. 40.000 for dei som er under 35 år, jf. K-sak 99/08.
  2. Etableringstilskot vert berre ytt til ungdom i etableringsfasen. For å koma innafor definisjonen "ungdom i etableringsfasen", må søkjaren vera under 40 år den dag mellombels bruksløyve/ferdigattest ligg føre.
  3. Søknadsfrist vert sett til 1. september kvart år, for utbetaling i neste budsjettår, slik at midlane til etableringstilskot kan innarbeidast i årsbudsjettet til kraftfondet.
  4. Ved søknaden må det leggjast ved attestasjon på at søkjaren er byggherre, og skal vera eigar av huset.
  5. Etableringstilskotet vert nedskrive over 5 år. Ved sal av bustad eller flytting frå kommunen før dette tidsrommet er ute, skal kommunen ha tilbakebetaling i høve til den tid som er gått.
  6. Rådmannen får fullmakt til å ta stilling til innkomne søknader.

Etableringstilskotet kan betalast ut etter nærare vurdering når mellombels bruksløyve eller ferdigattest føreligg.


Sist oppdatert: 14.11.2018
Publisert: 10.10.2018