Kvamsdals fargeri

Fargeriet vart grunnlagt av Rasmus Kvamsdal i 1889, i kjellaren i det nye bustad - huset hans på Sandnes. Då hadde det truleg alt vore drive fargeriverksemd på staden ei tid.

Sandnes var ein strategisk god plass å legga eit fargeri: her var kyrkja, her var handelsmann, og folk hadde godt høve til å ta med seg vadmål og kvitlar når dei likevel hadde ærend dit. Verksemda må ha gått godt, for alt i 1902 vart det naudsynt å utvida fargeriet.

Det vart bygd eit påbygg til huset, med innreiing i kjellaren til fargeriverksemda, og med eit stort loftsrom oppå, fargar - loftet, der det vart plass til å henge dei ferdiggjorde tekstilane til tørk. Det vart også kjøpt inn damp - maskin som vart erstatta med ei ny i 1915.

I tretti- og førtiåra endra føresetnadane for fargeridrifta seg. Etter kvart vart det vanleg at ulla vart levert ubearbedd til ullvarefabrikkane mot kontant betaling. Og bearbeidde ullprodukt i staden vart kjøpte. Dette gjorde at kundegrunnlaget etter kvart vart borte. På slutten av driftstida hadde fargeriet kundar frå Sognesjøen i nord til Stord i sør.

I 1954 var fargeriet lagt ned. Lokala vart ikkje nytta til anna næringsverksemd, og fargeriutstyret er ikkje flytta ut, det står der bortimot inntakt slik det stod den gang.

Den fyrste dampmaskina som vart kjøpt inn i 1904 vart restaurert av Gunnar Mikkelsen's Maritime Samlinger i 2003. Den stod utstilt der fram til 2005. No er den midletidig til låns av Norsk Trikotasjemuseum og Tekstilsenter i Salhus. Her kan du sjå den utstilt i gmms.no.

  • Det er produsert ein dokumentasjonsvideo/DVD om Kvamsdals fargeri:
    Dokumentasjonsvideo
    (mov)
  • Brosjyre om Kvamsdals fargeri (pdf)
  • Det er høve til å besøke fargeriet.
  • Du kan ta kontakt med Masfjorden kommune v/Frank Kvinge, tlf. 56166246
  • Samlinga er ope i sommarsesongen søndagar kl 13.00 -17.00

Sist oppdatert: 13.11.2018
Publisert: 26.10.2018