Storsetehelleren

Menneska slo seg til i Storsetehelleren for første gong i eldre jernalder, dvs. i hundreåra like før eller like etter Kristi fødsel. Funnet av den såkalla krimkniven peikar nemleg mot denne tida. Dei andre reiskapsfunn - m.a. saks, knivblad, bryne og spinnehjul - er meir vanlege typar som har vore i bruk i lenger tid. Beinmaterialet fortel at både vilt og tamdyr har vore viktige innslag på matsetelen saman med fisk.

Helleren har truleg vore nytta som bustad sesongvis av bønder på jakt og fiske. I så fall er helleren eit døme på menneska sin blandingsøkonomi som har vore vanleg i kyst- og jordstrøka våre. Vi kan heller ikkje sjå bort frå at hellerbusetnaden kan ha samanheng med gamal stølsdrift på ”Storseten”.

Storsetehelleren vart ”oppdaga” av sokneprest Torbjørn Frølich i 1913. Mindre arkeologiske undersøkingar vart gjennomførde i 1914 og i 1985.

Alle fornminne er atomatisk freda ved Lov om kulturminne av 9. juni 1978. Skadeverk på freda kulturminne medfører straffeansvar.

Merknader

Dei 46 gjenstander som er funne er oppbevart ved Historisk museum i Bergen.
Det er skrive eit grundig notat om fornminne med tittelen:
”Foreløpig innberetning om ”Storsetehilleren” i Matre, Masfjorden”, ved Bjørn Ringstad, Historisk museum 1985. (FVH 2001). 

 

 

Tekst: Kjersti Randers, Historisk museum, Universitetet i Bergen.


Sist oppdatert: 13.11.2018
Publisert: 01.11.2018