Mollandseid kvern- og sagbruksmiljø

Naturgrunnlaget

Naturgjevne tilhøve har gjeve grunnlaget for bruken av vasskraft her: landskapsform, skog og vatn. Medan kystsona i Masfjorden er måkupert er landskapet lengre aust prega av dalar og fjellformasjonar. Dette skaper eit lokalklima som gjev mykje nedbør og grunnlag for utnytting av vasskrafta.

Stor og fin furuskog er det dominerande treslaget i den vestre delen av Masfjorden og i desse områda fanst det heile 13 sager ved ei registrering på 1970-talet. Fleire av desse kan vera frå 1800-talet.

Gardane kring Mollandseid

Den beste furuskogen vart nytta til bygningsmaterialar, medan den mindre heifura gav brensel. Lauvskogen vart nytta både til brensel og til reiskap og gjenstandar. Mollandseid høyrer til garden Molland på nordsida av Mollandsvatnet. På slutten av 1800-talet vart vassfalla på denne staden nytta av gardane Molland, Duesund og Reknes. Bortsett frå eit kvernhus, som i dag er borte, er miljøet framleis i hevd.

Sloket og stemma

Høgdeskildnaden mellom vatn og sjø er berre 5,5 m. Kverna og saga er difor kopla parallelt i høve til kvarandre. Ved hjelp av stemma kan vassføringa aukast. Stemma som er her i dag er frå 1914. Det er 3 luker til å sleppa vatnet gjennom. Vatnet renn i eit slok, ei vassrenne, ned til ulike delar av anlegget. Sloket er brattast like før vasshjulet, slik at tyngdekrafta vert utnytta best mogeleg til drifta av vasshjulet og kvernkallen.

Eit bygdesenter på 1900-talet

Rutebåten hadde stoppestad på Mollandseid frå slutten av 1960-talet. Her var det postopneri frå 1920 til 1972/73 og landhandel i tida 1958 - 1968. Her var også skule for bygdene Reknes, Molland, Duesund, Lauvik og Bergsvik i tida frå 1923 til 1976.

Sagbruket og kverna var i bruk til 1950-åra. Då tok elektrisk straum og nyare teknologi over. Alt under andre verdskrigen, kring 1942, var eit lite kraftverk i bruk her, Med ei halv hestekraft skaffa det skulehuset straum. Om kraftverket var i sjølve kvernhuset er ikkje stadfesta.

Tilstand

Eine sagbruksbygningen, sloket, vasshjulet og kverna med kvernkallen vart restaurert omkring 1995. Sloket treng på nytt overhaling og reparasjon.


Sist oppdatert: 13.11.2018
Publisert: 26.10.2018