Gamle Hommelfossen kraftstasjon

Adresse: Matre - Stordalen, 5984 Matredal.
Eigar: Bergenhalvøens kommunale kraftselskap, BKK
Lokale: Hovudstasjon på Matre
Samlingar: Hommelfossen Kraftstasjon, frå 1944
Røyrgate frå 1914 og Kringlebotnstien (Stegane)
Fossen kraftverk frå 1947, restaurert i 1990
Nye Hommelfossen kraftstasjon frå 1986.
Stordalen kulturlandskapsområde.

Formidling: Opent etter avtale med BKK, Matre.

Merknader: BKK har sagt seg villig til å ta vare på Kringlebotnstien samt deler av røyrgata.

Bakgrunn

Arbeida ved Hommelfossen starta alt i 1917 av dåverande eigar, Matrefaldene, Norsk Hydro. Under krigen heldt tyskarane fram med oppbygginga av kraftverket. Det vart teke i bruk i 1944. Etter krigen tok Bergenshalvøens kommunale kraftselskap, BKK, over eigedomsretten. Kraftverket vart då oppjustert og sto driftsklart i 1953.
 
Verket utnytta fallhøgda til Hommelfossen som er på 185 m. Kapasiteten var på 5 GWh. Bygningen er bygd i ein funksjonalistisk stil med klåre mellomalderlege trekk, slik tradisjonen var i norsk kraftverksarkitektur. Vatnet vart ført gjennom ei røyrgate med eitt røyr. Langs røyrgata går ein sti, dels bygd i trappesteg opp til Hommelvatn. Stien er bratt og tung å ta seg fram etter. Det var tidlegare vegen inn til garden Kringlebotten. Stien vart også nytta i samband med dei dramatiske handingane i Matrefjella i samband med kampane mellom motstandsrørsla Bjørn West og tyske soldatar. Ved Hommelvatn er det demning og ventilhus.

I 1985/86 vart det bygd ny kraftstasjon i Hommelfoss. Den nye stasjonen ligg nær den gamle like ved Hommelfossens fallpunkt. Vatnet vert ført gjennom fjell i loddrett sjakt og vidare inn gjennom røyr til stasjonen, Kapasiteten er vel 2,5 gang så stor som i den gamle. Stasjonen er fjernstyrt frå driftssentralen i Matre.

Ved at den nye stasjonen vart ferdig, gjekk den gamle ut av bruk. E-verkenes fagforening, NEKF, tok alt i 1986 initiativ til at stasjonen vart verna og teken i bruk som museum og undervisningsobjekt for skuleungdom. I tilknytting til dette initiativet vart både Riksantikvaren, Norsk teknisk museum og Fylkeskonservatoren i Hordaland rådspurt. Alle tre institusjonane peikte på anlegget sin lokalhistoriske verdi og gjekk samrøystes inn for vern.

Kraftstasjonen er føreslege som museum i kulturvernplanen for Masfjorden kommune, som vart vedteken av kommunestyret i 1995. Museumsplanane er ikkje realisert enno. Førebels er det laga eit pedagogisk opplegg for skulane som har fått tittelen ”Synergi og energi”, av forfattaren Erna Osland. Prosjektet fekk støtte frå Norsk kulturråd i 1994..

Tekst: Opplysningane er henta frå notat til Fylkeskonservator FKH/OMB 1989 og redigert av Frode Vee-Haugen.


Sist oppdatert: 13.11.2018
Publisert: 26.10.2018