Matreøy husmannsplass
Våningshuset (bolighus)
Våningshuset høyrer til Matreøy husmannsplass. Restaureringa tok til i 1991 med midlar frå kommunen, fylket og eigaren Malfred M. Matre. Huset blei jekka opp, fekk ny kledning og nytt torvtak. Kjell Andresen hjå fylkeskonservatoren laga i 1986 ein detaljert plan for restaureringa.
Alderen til huset er vanskeleg å tidfesta nøyaktig, men det er flytta til Matreøya og oppført i sin noverande form i 1869. Mor og far til Malfred budde der fast til 1975, seinare berre litt om somrane. I dag er det nytta som fritidshus.
Huset inneheld:
Eit kammers, som er den nyaste delen, men eldre enn 1870.
Ei stove som er tydeleg eldre, mogeleg frå byrjinga av 1800-talet.
Ei matbu som er endå eldre, truleg frå 1700-talet.
Dessutan kjøkken/gang/sval.
Ein liten potetkjellar ligg midt under huset.
Huset har grue og pipe av gråstein.
Matreøy ligg ca. 2 min med båt frå Matre kai. Huset er ikkje synleg frå land.