Ressurssjukepleiar lindrande behandling

For å samordne tenestetilbodet til pasient og pårørande på ein god måte, er det etablert eit nettverk av ressurspersonar innan kreftomsorg og lindrande behandling. Ressurspersonane arbeider i heimetenseta, på sjukeheimen eller sjukehus.

Ressurssjukepleiar kan tilby:

  • samtale, kartlegging og oppfølging
  • råd og informasjon om hjelpemiddel og tilrettelegging i heimen
  • førebygging og hjelp til lindring av symptom, t.d. smerte, kvalme og depresjon
  • informasjon om aktuelle tilbod i kommunen
  • samarbeid med anna helsepersonell for å gje deg og dine pårørande eit så godt tilbod som mogleg

Korleis få kontakt med ressurssjukepleiar?

Helsepersonell i spesialisthelsetenesta og fastlegen din kan sette deg i kontakt med ressurssjukepleiar via pleie- og omsorgstenesta.

Kontaktinformasjon ressurssjukepleiarar

Ressurssjukepleiarar er Ingrid Skuggedal og Gunn Andås

Brukarar og pårørande kan ta kontakt med desse via heimetenesta i den delen av kommunen brukaren bur i :

Heimetenesta i Indrefjorden :
Tlf. 56166138 /41614508

Heimetenesta i Nordbygda : 
Tlf: 56166566 /41617507

Heimetenesta på Sørsida :
Tlf. 56166275 /48295935


Sist oppdatert: 09.01.2020
Publisert: 03.09.2018