Omsorgsstønad

Du kan søkje om omsorgsstønad , dersom du har særleg tyngande omsorgsarbeid i heimen. Formålet  med tenesta er å støtte familien til å halde fram å ha omsorg for sine næraste. Vedtak om hjelpestønad , avlasting og andre tenester vert lagt til grunn  i ei samla vurdering ved tildeling av  tenesta.

Slik søkjer du

I søknaden eller vedlegg til søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer. Svar på følgjande spørsmål må stå i grunngjevinga:

  • Kor mange timar pr. veke brukar du på omsorgsarbeidet?
  • Er arbeidet meir fysisk eller psykisk tyngande enn vanleg?
  • Inneber omsorgsarbeidet mykje arbeidarbeid eller avbrot i nattesøvn?
  • Yter du omsorgsarbeidet i periodar eller heile tida?
  • Har omsorgsarbeidet vart lenge eller forventast å vare lenge?
  • Fører omsorgsarbeidet til sosial isolasjon eller mangel på ferie og fritid?
  • Har du omsorg for meir enn ein person?
  • Føreligg det omsorgsplikt? Gjeld mindreårige barn, der omsorga klart overstig vanleg omsorg for barn på same alder.
  • Er det best for brukar at det er søkjar (oftast pårørande) som utfører omsorgsarbeidet

Kva får du?

Grunnlag for omsorgsstønaden er timetal og kva nivå ein er kome fram til etter vurdering og tildeling. I vedtak om omsorgsstønad skal det gå fram kva som ligg til grunn for vurdering og tildeling av omsorgsstønaden.  Du får ein avtale med opplysningar om løn og andre vilkår. Omsorgsstønad vert ikkje  kompensert time for time,  men som ei påskjøning for det omsorgsarbeidet som vert ytt.

Krav til søkjar:

  • Den som mottek omsorg må bu heime
  • Omsorgsarbeidet må ha eit visst omfang for å bli rekna som særleg tyngande.
  • Saman med oss vurdere om omsorgsstønad er det beste alternative saman med andre hjelpetiltak
  • Du må søkje om hjelpestønad frå NAV, dersom du ikkje har gjort det.

Kva skjer vidare?

  • Me vil prøve å svare deg innan 4 veker. Dersom me ikkje klarar det, tar me kontakt og informerer om kor lang tid det vil ta før du får svar.
  • Me tar kontakt med deg, dersom  me treng fleire opplysningar eller ynsker å koma på heimebesøk.

Sist oppdatert: 16.12.2021
Publisert: 16.12.2021